Mest aktive brukere »

Nyhet.

Refsar Velferdsstyret

BEKYMRA FOR FRAMTIDA. - Det verste som kan skje er om det Velferdsstyret som no blir konstituert byrjar med same utgangspunkt som dei sittande gjorde, seier Synnøve Mjeldheim Skaar». Foto: EMIL WEATHERHEAD BREISTEIN

Velferdsstyret møter krass kritikk frå studentrepresentantar. – Dei må ta ansvaret sitt på alvor, meiner studentpolitikarar.

Tekst: OLE JAKOB SKÅTUN
Sist oppdatert: 04.10.10 kl. 18.41

Kontroversen dreier seg om dei løna stillingane som Velferdsstyret (VS) fekk oppretta frå nyåret av. Sidan omlegginga har VS gått gjennom to leiarskifter og har i dag berre tre medlemer, til tross for at det i utgangspunktet var lagt opp til fire stillingar. Dei tilsette får no kritikk for å bruke for lite tid på jobben.

– Det er nesten som om dei har resignert, og det er jo trist for det øvste studentpolitiske organet i Bergen, meiner Hanne Kvilhaugsvik, studentpolitikar og medlem i Arbeidsutvalet (AU).

Ho får støtte frå leiar for Studentparlamentet ved UiB (SP-UiB) og AU-kollega Synnøve Mjeldheim Skaar.

– Der finst formildande omstende her. Dei har ikkje hatt ein enkel jobb, fortel Skaar. Ho understrekar imidlertid at dette ikkje er noko unnskyldning for det ho omtalar som labert engasjement for jobben.

– Eg er i utgangspunktet veldig for avløning av VS, men det forutset at folk har høve til å bruke den naudsynte tida jobben krev.

– Må omorganisere

Ole Fosse Fardal, konstituert leiar i VS, erkjenner kritikken frå studentpolitikarane, men held fram at dei allikevel har fått gjort mykje.

– Når det gjeld for dårleg tilstadeverelse må eg til dels ta kritikken til meg og seie meg delvis einig i den. Men når det gjeld å ikkje ha brukt nok tid på jobben, er eg heilt ueinig, seier Fardal.

– Sjølv om ikkje alt arbeidet har vore synleg for Synnøve Mjeldheim Skaar har vi lagt ned betydeleg antal timar i jobben.

Både AU-representantane og Fardal er imidlertid samde om at ordninga ikkje fungerer i dag. Dei meinar det må sterkare økonomiske insentiv til for å kunne legge meir ansvar i stillingane og gjere dei meir attraktive.

– Ein bør satse på ei eller to hundre prosent-stillingar der ein har personar som viar all si tid til dette arbeidet, meinar Skaar og får støtte frå Fardal.

– Dersom ein verkeleg ønskjer ha eit fullt oppegåande VS, er mitt syn at ein anten må gå opp i honorarnivå tilsvarande dei andre studentpolitikarane, eller så bør ein eliminere honoraret fullstendig, seier han, og peikar på at det er problematisk å blande forventingar til frivilligheit inn i eit formelt honorert tilsetjingsforhold.

– Formidlingsproblem

Studentpolitikarane får støtte i kritikken sin hos Pål Andreas Sætre, leiar i Studentersamfunnet i Bergen. Han held i tillegg fram manglande synlegheit som eit problem med måten VS framstår i dag.

– Vi ser at informasjon frå VS er heilt fråverande. Dei har inga nettside, der er ingen informasjon ute om noko som helst, seier Samfunnet-leiaren.

– Dei har eit formidlingsproblem. Når arbeidet i tillegg er løna, så burde dei ha gjort ein betre jobb her.

Idet Studvest gjekk i trykken, var siste oppdatering på bloggen til VT gjort 9. juni i år og Facebook-gruppa deira hadde 55 medlemer. VS hadde verken nettside, blogg eller Facebook-side.

Fosse Fardal er delvis einig i kritikken, men forklarar det heile med at dei jobbar med nye nettsider.

Der er eg einig. Vi har eit prosjekt gåande med nye nettsider og i lys av det har dessverre den andre bloggen falt litt i bakevja, så der tek eg sjølvkritikk.

Studentdemokratiet
Velferdstinget
  • Velferdstinget (VT) er det øvste studentorganet til SiB.
  • Organet si hovudoppgave er å bestemme fordelinga av semesteravgifta.
  • Velferdstinget består av studentrepresentanter fra medlemsinstitusjonene til SiB. Det er Universitetet i Bergen, Høgskolen i Bergen, Norges Handelshøyskole, Bergen Arkitekt Skole, Kunsthøgskolen i Bergen, Betanien Diakonale Høgskole, Haraldsplass Diakonale Høgskole, Norsk Lærerakademi, NLA Høgskolen og Skrivekunstakademiet.
Velferdsstyret
  • Velferdstinget sitt utøvande organ.
  • Deira oppgåve er å gjennomføre dei vedtaka Velferdstinget fattar, og står for den daglege drifta av tinget.
  • Skal i utgongspunktet bestå av fire personar; ein leier, ein nestleiar og to medlem, men har i dag berre tre representantar, inkludert leiar.
  • Leiaren er i dag honorert etter ei 50 prosentstilling og dei to medlemma 20 prosent.
  • Fleire institusjonar skal vere representert i Velferdsstyret.
Arbeidsutvalet
  • AU består av fire studentar som årleg blir valde på Studentparlamentet sitt konstituerande møte.
  • AU jobbar fulltid med å fremme studentane sine interesser i samsvar med eit arbeidsprogram og øvreg politikk vedteke av Studentparlamentet.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.