– Det har gått veldig bra, seier ein nøgd Sindre Dueland, nestleiar i Studentparlamentet (SP) ved Høgskolen i Bergen (HiB).
Han fortel at det ligg mykje arbeid bak den gode valoppslutnaden.
– Me har arbeidd godt med å profilera oss overfor studentråda, og der er det representantar valt direkte frå klassar. Studentråda har difor god kontakt med klassane, forklarar han.
I tillegg har politikarane vore synlege både på stand og på Internett i form av It's Learning og Facebook.
Nyvald representant i SP, Anders Veggeland, trur arbeidet har bidrege til å få valdeltakinga opp.
– Folk frå SP har vore flinke til å informera. Men generelt har det vore godt engasjement til alle aktivitetar ved HiB i haust, meiner han.
Rektor ved HiB Eli Bergsvik er svært nøgd med den gode valoppslutnaden.
– Eg har snakka med studentparlamentsleiaren i dag og rost dei for arbeidet dei har gjort. Dei har verkeleg jobba for auka deltaking, seier ho.
– Dette viser at me har eit aktivt og godt SP som har klart å mobilisera mange studentar.
Men det gode resultatet kan også ha andre årsaker enn god informasjon og marknadsføring.
– HiB har framleis ganske ulike og spreidde miljø, slik at det blir ganske intime høve. Det er kanskje lettare å få opp valoppslutnaden når ein kjenner kandidatane, meinar valforskar Frank Aarebrot.
Aarebrot trur difor også det hjelper på oppslutnaden å ha personval.
– Politikken vert då mindre viktig enn personen, forklarar han.
Dueland har observert tendensar som støttar opp om dette.
– Det me kan sjå av stemmegjevinga er at dei fleste ikkje stemmer på så mange dei faktisk har høve til å stemma på. Dei stemmer gjerne berre på folk dei veit kven er, trur han.
Veggeland er også einig. Men han trur bekjente også har betre grunnlag å stemma på.
– Eg veit ikkje kor mykje studentane set seg inn i kva me står for. Men dei som kjenner oss set seg kanskje betre inn i det, hevdar han.
VALOPPSLUTNAD VED HIB
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.