Mest aktive brukere »

Nyhet.

Søkjer tøffe jenter til toppjobbane

Menn gjer karriere i større grad enn kvinner, og hos Geelmuyden.Kiese er berre ein tredjedel av kvalifiserte søkjarar kvinnelege. - Dei er for beskjedne, hevdar rekrutteringsansvarleg.

Tekst: GERD MARGRETE TJELDFLÅT
Sist oppdatert: 29.09.10 kl. 01.29

– Det er både skummelt og spanande å søka sin første jobb. Men eg vågde å tru på min eigen kompetanse, og by på meg sjølv, seier Rebekka Kvelland.

Den tidlegare bergensstudenten og leiar i Studentersamfunnet, er ei av til saman fire kvinner som er tilsett i kommunikasjonsbyrået Geelmuyden.Kiese (GK) i år. Men ho er ein del av eit mindretal. I alt er berre litt over 30 prosent av dei tilsette på det norske kontoret kvinner, og trenden er at kvinner berre utgjer ein tredjedel av dei kvalifiserte søkjarane. I resten av samfunnet er tendensen liknande for ettertrakta stillingar, som leiarstillingar. Statistikk frå Statistisk sentralbyrå viser at sjølv om 47 prosent av dei sysselsette i Noreg er kvinner, utgjorde dei berre 31 prosent av leiarar i 2008.

– For beskjedne

Kvelland peikar på at jenter sitt engasjement i studietida tilseier at dei ikkje burde vera så underrepresenterte som dei er.

– I studentlivet hevdar jenter seg fagleg, samtidig som dei engasjerer seg i tillitsverv, påpeikar ho.

Rekrutteringsansvarleg hos GK, Maria Edvardsen, fortel at deira erfaring er at kvinner er for lite offensive. Til dømes slit somme i ein del av søknadsprosessen til GK der dei vert bedne om å fortelja om mål dei har sett seg, kvifor det var vanskeleg å nå, og korleis dei nådde det.

– Det viser seg at kvinner har vanskelegare for å skryta av seg sjølv enn menn, og for å treffa og stå for krevande avgjerdsler, fortel ho.

Kvelland er einig i at dette kan vera mykje av grunnen til at kvinner tapar i konkurransen om ettertrakta stillingar i arbeidslivet.

– Ein kan aldri vinna utan å visa seg fram. Det er som på dansegolvet. Ein kan ikkje venta på å bli bydd opp. Ein må vera den som kastar seg utpå, seier ho.

Treng spisse olbogar

Edvardsen fortel at problemstillinga om beskjedne jenter slett ikkje er ny.

– Då eg gjekk på NHH skreiv ein tidlegare student, Julie Brodtkorb Voldberg, som då arbeidde i GK, ein kronikk i K7 Bulletin. Der utfordra ho jenter til å vera tøffare, og seia at ein har fått til noko, fortel Edvardsen, som ikkje synst ein har komme mykje lengre med denne debatten til no.   

Brodtkorb Voldberg er i dag leiar for Høgres kvinneforum. Ho er einig med Edvardsen om at jenter er for lite flinke til å skryta av seg sjølv.

– Jenter er overrepresenterte på universitet og høgskular. Men når det kjem til karriere trengst det ikkje berre god utdanning, men også spisse olbogar og eit ønskje om å koma opp og fram. Det kan virka som jentene ikkje får så spisse olbogar som gutane i vegen gjennom utdanningssystemet, seier ho.

Kvinner kan

Voldberg meiner ein bør setja inn tiltak på alle nivå i samfunnet, men seier og at jenter kan bli flinkare til å hjelpa kvarandre fram.

– Den tida eg gjekk på NHH hadde me ei «kvinner kan»-gruppe kor me motiverte kvarandre. Andre gode samlingsstadar for jentene på NHH var jentekoret Sangria, kor me alle backa kvarandre til å våga meir. I dag ser eg at Sangria-jentene ofte er dei jentene frå NHH som gjer det sterkast karrieremessig, fortel ho.

 

– Eit personleg val

Professor ved UiB meiner det er stigmatiserande å hevda at kvinner har dårleg sjølvtillit.

Asuncion St. Clair er professor ved Sosiologisk institutt ved Universitetet i Bergen (UiB). Ho har lite til overs for teorien om at jenter ikkjer vågar å tru på seg sjølv.

– Mange kvinner verdset evnene sine, men finn at det ikkje er verdt det. Eg synst at det å gå ut frå at kvinner har lite tru på seg sjølv er stigmatiserande, seier ho.

St. Clair hevdar i staden at færre kvinner sit i leiarstillingar fordi dei nedprioriterer det.

– Ein leiarposisjon er vanskeleg. Den både tek tid og er eit personleg offer. Kvinner har framleis ofte hovudansvar for hushald og familie, og eg trur at mange som er kvalifiserte til slike stillingar finn at familie og vener ikkje let seg kombinera med leiarposisjonar, seier ho.

– Eg trur fleire kvinner føler dei ikkje treng bevisa for verda at dei kan vera leiarar, hevdar ho.

Samstundes understrekar St.Clair at sjølv om kvinner sine yrke er resultat av personlege val, er ikkje den skeive kjønnsfordelinga nødvendigvis uproblematisk. Ho trur tilrettelegging kan vera med å utjamna skilnadane.

– Fleksibilitet, det å ikkje føla at ein må bevisa meir enn andre og gode føresetnader for svangerskapspermisjon er viktige ting, seier ho.

– Men eg synst ein i Noreg manglar perspektivet at familie og fritid også er verdifullt, poengterer ho.

KVINNER OG KARRIERE
  • Totalt er 47 prosent av dei sysselsette i Noreg.
  • 31 prosent av leiarar er kvinner.
  • Trenden hos Geelmuyden.Kiese er at ca ein tredjedel av dei som kvalifiserer seg til intervju er kvinner.
  • På det norske kontoret deira utgjer kvinneandelen om lag 30 prosent.

Kjelder: SSB og Geelmuyden.Kiese

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.