Sidan 2005 har Studentsamskipnaden i Bergen (SiB) lånt lokala i Christiesgate 12 av Universitetet i Bergen (UiB). Bård Johansen, leiar for Studentidretten i Bergen, ønskjer at SiB Sentrum får bli i lokala, og peikar på at dei framleis har fire og eit halvt år igjen av lånekontrakten.
Johansen meiner det er umogeleg å flytte treningssenteret.
– Avtalen var opphavleg å berre drifte senteret i ti år, men vi hadde alltid ein intensjon om å drive lenger, seier han.
Samstundes forklarer Elfrid Krossbakken, leiar i Studentutvalet ved Det psykologiske fakultet ved UiB, at fakultetet sårt treng fleire lesesalsplassar på bachelornivå.
– Psykologisk fakultet er eit spreidd fakultet, og har fleire gonger hamna nedst på læringsmiljøundersøkingar på grunn av dette. Vi saknar fleire lesesalar og meir samling, seier ho.
Tine Blomfeldt leiar for Studentparlamentet (SP) ved UiB, skjønar at lesesalsplassane ved psykologisk fakultet er eit kritisk behov, men meiner det blir for dyrt å flytte treningssenteret.
– SiB vil tape pengar på å flytte senteret, og det vil vere snakk om høge kostnader for å finne nye lokale til treningssenteret. Ein kan i verste fall risikere at semesteravgifta blant studentane blir høgare, seier ho.
Blomfeldt meiner det er ein uheldig situasjon for studentane.
– Det blir ei interessekonflikt, og det er synd at to studentbehov blir sett opp mot kvarandre på denne måten.
Krossbakken ser argumentet med at det blir for dyrt å flytte treningssenteret, og meiner det er ei komplisert sak.
– Det er vanskeleg å seie kor saka går vidare. Studentutvalet skal møtast og finne ut kva vi kan gjere, seier ho.
Tine Blomfeldt forklarer at dei må bu seg på fleire studentar framover, og at etterspurnaden av treningstilbod vil auke.
– Vi må ta omsyn til den nye studentbølgja. Å kutte ut SiB Sentrum vil berre vere å utsette problemet, seier Blomfeldt.
Dette er Johansen einig i, og forklarer at talet på kundar aukar med ca. 10-15 prosent kvart år. SiB Sentrum er det senteret dei har investert mest i.
Han er klar over at dei har for dårleg kapasitet på treningssentera i sentrum, og kallar det derfor uforsvarleg å legge ned eit slikt senter etter så kort tid.
– Sentrumsanlegga står for 70 prosent av aktiviteten, og Studentidretten vil kollapse om ein fjernar eit av desse, seier han.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.