Mest aktive brukere »

Nyhet.

Skal ta pulsen på studentane

TRIVSEL. Å trivast som student er viktig. Studentsamskipnadene i dei største norske studentbyane går no saman om ei stor helse- og trivselsundersøking, for å finna ut korleis velferdstilbodet kan betrast. Foto: MARIA BJØRNSEN BOKNEBERG

Studentsamskipnadene vil finna ut meir om studentkvardagen, og betra eige tilbod.

Tekst: INGRID EIDSHEIM DAAE
Sist oppdatert: 06.10.10 kl. 02.40

Måndag 11. oktober vil 22000 norske studentar motta Studentenes helse- og trivselsundersøkjing 2010 på e-post. Om lag 5450 av desse er bergensstudentar.

Undersøkinga er eit samarbeid mellom studentsamskipnadene i Bergen (SiB), Trondheim (SiT) og Oslo (SiO), og omfattar såleis alle dei største studiebyane i Noreg.

– Målet med undersøkinga er å finna ut korleis studentane sin kvardag er når det gjeld både fysisk og psykisk helse, og deira opplevde tilfredsheit på ulike livsområde. Vidare vil me auka kunnskapen om ulike tilhøve som har innverknad på helse og trivsel, fortel Hege Råkil, direktør for helse og veiledning i SiB.

– Resultata vil hjelpa oss til betra velferdstilbodet til SiB der det trengst, seier Erik Nyman-Apelset, medlem i Arbeidsutvalet til Studentparlamentet.

Første gong i Bergen

Saman representerer Råkil og Nyman-Apelset Bergen i styringsgruppa som har arbeidd med undersøkinga sidan i vinter. Der sit også tilsvarande representantar for dei to andre deltakarbyane.

– Dette er første gong SiB gjennomfører ei slik undersøkinga, seier Råkil.

– Me har tidlegare drege lærdom av tilsvarande undersøkingar i Oslo og Trondheim. Fordelen med at me no går saman om ei større undersøking er at me kan finna ut meir om korleis studenttilværet i dei store byane er, og me vil få både nasjonale og lokale data, held ho fram.

Brei stønad

I 2008 sette Helsedepartementet ned ei gruppe som vurderte studentar si psykiske helse. Dei konkluderte med at dei psykiske helsetenestene studentsamskipnadene tilbyr er naudsynte, og oppmoda samskipnadene til å finna ut meir om situasjonen. Undersøkinga er altså viktig for både politikarar og studentsamskipnadene, samt studentpolitikarane, som heile vegen har vore aktive i arbeidet med henne.

– Me vil også få meir informasjon om studentar sin finansielle situasjon ut av undersøkinga, og dette kan verta viktig i kampen for elleve månader studiestønad og bygging av fleire studentbustader, seier Nyman-Apelset.

– Viktig å delta

Både Råkil og Nyman-Apelset er opptekne av å oppmoda alle som mottek undersøkinga til å delta. Di fleire som svarar, di gyldigare og meir truverdige resultat vil ein få.

– Det er svært viktig at folk svarar. Gjer dei ikkje det får me heller ikkje gjort noko for å betra velferdstilbodet, seier Nyman-Apelset.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.