Tysdag 15. november hadde Velferdstinget (VT) sitt årlege budsjettmøte, der dei kvart år fordeler rundt fem millionar kroner frå semesteravgifta til ulike studentorganisasjonar. Dette utgjer ofte ein stor del av budsjettet til laga det er snakk om..
Fleire har i etterkant av årets møte kritisert VT-medlemmene for å driva forhandlingar i gongane, og for å mangla informasjon til å ta gode avgjersler.
– Det verka som om mange diskusjonar som søkarorganisasjonane skulle vore med på, vart gjort i lukka rom i forkant av møtet, meiner Jorid Martinsen, leiar for Kulturstyret, ein av søkarorganisasjonane.
– Slikt aukar sjansen for at avgjersler vert teke på feil grunnlag. Det er laga som har best innsikt i korleis drifta vår er, poengterer ho.
Line Møllerop, leiar for Bergenstudentenes Allianseidrettslag (BSI), fortel at den årlege budsjettprosessen er nervepirrande fordi ein aldri kjenner utfallet. For eitt år sidan klarte BSI akkurat å redda seg frå eit kutt på nesten 200 000 kroner.
– Prosessen er risikosport. Særleg fordi mykje står og fell på kven som møter i VT år for år, og kva forhold dei har til organisasjonane.
Studvest har vore i kontakt med mange av representantane frå årets budsjettmøte. Fleire er opne om at dei føler dei mangla informasjon om organisasjonane sine behov.
– Generelt føler eg at ikkje alle les alle papira godt nok. Det gjeld nok meg òg, seier Truls Opheim, VT-representant frå NLA Høgskolen.
– Er det ikkje eit problem at de deler ut fem millionar kroner om de ikkje har nok kunnskap?
– Jo, men kven andre skulle delt ut pengane? Ingen kunne skaffa særleg mykje meir informasjon, seier han.
Andre representantar viser til at det også må vera organisasjonane si oppgåve å fortelja om driftsbehov. Kristoffer Gaasholt, representant frå Universitetet i Bergen, trekk fram studentmedia som døme.
– Studentradioen klarte til dømes ikkje å skaffa lyttartal. Men så fekk eg etterkvart vita at dei har god trafikk på nettsidene, og då stiller situasjonen seg annleis, fortel Gaasholt.
– Det er klart at me som sit i VT kunne undersøkt meir, men det er organisasjonane som søkjer, og kvar av dei kunne gjort ting betre, meiner Gaasholt.
Fleire VT-medlemmer fortel at det vart arrangert eit møte i forkant av det ordinære møtet 15. november. Det var representantane frå Norges Handelshøyskole som kalte inn. Formøtet var ikkje organisert og ein skulle berre drøfta saksprosessen. Likevel fortel Opheim og Gaasholt at debatten gjekk lenger enn den var tiltenkt.
– Me snakka ikkje om direkte summar, men drøfta kvar me kunne henta pengar, og til kven me burde gi, fortel Opheim frå NLA.
Gaasholt fortel at han fekk sin informasjon om Studentradioen på dette formøtet.
– Er det ikkje problematisk at politikarane deler slik informasjon utan at organisasjonane sjølv er til stades og får retta eventuelle feil?
– No var jo dette informasjon som gagna radioen.
– Ja, men det kunne vore omvendt.
– Ja. Eg ser poenget.
Maren Solhjem, ein av representantane som kalte inn til formøtet, hevdar dei var svært klare på å ikkje diskutera sak. Ho kjenner seg ikkje igjen i at diskusjonane gjekk om korleis fordelingar kunne bli gjort.
– Uansett gjekk dette føre seg som ein workshop. Ingenting vart sagt på formøtet som ikkje vart sagt etterpå, og det viktigaste er at det ikkje vart danna koallisjonar i forkant, forsikrar ho.
Martinsen synest det er kritisk at studentorganisasjonane blir stadig meir avhengig av å driva lobbyverksemd ettersom debattane flyttar seg frå møtesalen til korridorane.
– Eg trur mange av organisasjonane har ulike føresetnader for å kunna påverka på den måten, seier ho.
Martinsen får støtte frå fleire av VT-medlemmene.
– Eg blei kontakta av både BSI og Studvest, og begge desse fekk meir pengar. Det tyder på at lobbyering hjelper. Men det er ikkje heldig, seier Opheim.
Til informasjon: Studvest blei tildelt pengar frå årets pott. Studvest dreiv også lobbyverksemd.
Audun Kjørstad, leiar for Velferdstinget (VT), blei sjølv kontakta og bedt om å kalla inn til eit formøte. Det gjorde han ikkje.
– Eg sa klart ifrå kva eg syntest om det, fortel han.
Likevel valde altså nokre representantar frå VT å arrangera formøte. Kjørstad visste ikkje om dette før nokre VT-medlemmer fortalde han om det. Han valde då å bli med på formøtet for å passa på at det ikkje vart snakka om tildelingane.
– Heldigvis vart det ikkje eit organisert formøte med alle 21 representantane. Møtet fall i fisk, og vart utan struktur. Folk sat i grupper og diskuterte, og det trur eg ikkje me kan unngå, seier han.
Lobbyverksemd er ei vanleg og etablert side ved politiske prosessar. Harald Sætren, leiar ved Institutt for administrasjons- og organisasjonsvitskap, påpeikar at det generelt ikkje utgjer nokon fare for demokratiet.
– Men om politiske avgjersler i for stor grad blir påverka av lobbyverksemd, kan det vera eit faresignal, tilføyer han.
Sætren fortel at lobbygrupper i nokre tilfelle kan få for stor innverknad. I slike tilfelle ligg problemet ofte hos adressaten, i form av at ein ikkje har nok informasjon i utgangspunktet.
– Nokre er flinkare til å snakka for seg enn andre, og det kan då bli lagt vekt på anna enn sakleg informasjon. Det skal ein ikkje sjå vekk ifrå, seier Sætren.
VELFERDSTINGET
BUDSJETTPROSESSEN
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.