Mest aktive brukere »

Nyhet.

Stemmetrøbbel på UiB

SKUFFA. – Det er alltid eitt eller anna problem med desse vala, meiner leiar i Studentparlamentet ved UiB, Tine Blomfeldt. No er ho redd informasjonsproblema vil øydelegga for valoppslutninga. Arkivfoto: ØYVIND S. STOKKE-ZAHL

Fleire studentar har ikkje fått tilsendt linken som trengst for å stemma i Studentparlaments- og Universitetsstyrevalet.

Tekst: GERD MARGRETE TJELDFLÅT
Sist oppdatert: 13.04.11 kl. 01.20

– Dette er utruleg dumt. Det er berre val ein gong i året, og då bør systemet fungera.

Tine Blomfeldt, leiar i Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen (UiB), var svært skuffa då det fire dagar inn i valet til Studentparlamentet og Universitetsstyret vart oppdaga at nokre studentar ikkje hadde fått e-post frå Valgstyret med informasjon til å stemma.

Det var Studvest som først gjorde Valgstyret merksam på problemet, som viste seg å ha med UiB sitt manntal å gjera. For å ha stemmerett, må ein stå oppført i dette manntalet.

– Slik det ser ut frå sentralt hald er problemet at dei ikkje har oppdatert manntalet sidan 24. februar. Dei studentane som ikkje har fått e-post om valet har gjerne gjort endringar i utdanningsstatusen sin etter dette, og dermed falle ut av manntalet, forklarar leiar i Valgstyret, Pål Olerud.

Har skjedd før

Han fortel at desse endringane til dømes kan vera at ein har endra status frå deltids- til heiltidsstudent, eller at semesteravgifta av ulike grunnar er registrert for seint.

Manntalet vert igjen oppdatert onsdag 13. april, og Olerud reknar med at alle vil få mail etter det.

– Me kjem også til å køyra på med mail kvar dag no, for å vera sikker på at alle får informasjon, seier Olerud.

Blomfeldt fortel at det ikkje er første gong noko skjer seg i valprosessen.

– Det er alltid eitt eller anna problem med desse vala. Det er forskjellige problem kvart år, men alltid noko. Og det er som regel noko teknisk, seier Blomfeldt, men påpeikar at ho samstundes anerkjenner jobben som vert gjort frå UiB si side.

– Lågare valdeltaking

Olerud vil vera forsiktig med å spå konsekvensane problema kan få for valoppslutnaden.

– Førebels veit me ikkje omfanget, men det kan nok forskyva valprosessen, slik at fleire stemmer seinare i valperioden. Eit par stemmer kan me også ha mista, og det er dumt. Likevel trur eg ikkje dette vil få noko avgjerande verknad, meiner han.

Blomfeldt fryktar derimot at konsekvensane for den totale valoppslutnaden kan bli negative.

– Valdeltakinga så langt i år er lågare enn på same tid i fjor, og eg er redd for at den totale deltakinga vil bli påverka av problema, seier ho.

VALET 2011
  • 8. til 15. april er det val til både Studentparlamentet og Universitetsstyret ved UiB.
  • Studentar stemmer via ein link dei får tilsendt på webmail.
  • For å kunna stemma må ein vera oppført i UiB sitt manntal.
  • Alle semesterregistrerte studentar ved UiB skal kunna stemma.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.