Mest aktive brukere »

Nyhet.

Stikk kjeppar i hjula for HiB

UNIVERSITETSAMBISIØS. – Vi reknar med å sende søknad om den første doktorgraden til NOKUT i 2011, seier HiB-rektor Eli Bergsvik. Foto: ANDERS HELGERUD

Regjeringa vil skjerpe krava for å etablere doktorgrader, og gjer det dermed vanskelegare for HiB å bli universitet.

Tekst: OLE JAKOB SKåTUN
Sist oppdatert: 12.01.11 kl. 00.04

Forslaget som no er ute på høyring går mellom anna ut på at minst åtte personar med doktorgrad skal vere tilknytt nye doktorgradsprogram. I tillegg skal kvart program ha kapasitet til å produsere minst 20 kandidatar i året.

– Dersom dei føreslåtte krava blir gjeldande, vil det ta lenger tid før vi kan oppnå universitetsstatus, seier rektor ved Høgskulen i Bergen (HiB) Eli Bergsvik.

HiB har i lengre tid hatt ambisjonar om å bli universitet nummer to i Bergen.

– Det verkar som dette er ein måte å demme opp for universitetsambisjonane i sektoren, seier Bergsvik.

Fokus på kvalitet

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet (KD) Kyrre Lekve avviser at dei nye krava er eit direkte svar på universitetsdebatten som har gått det siste halvåret. Han understrekar at det er fokus på kvalitet som ligg til grunn for dei nye forslaga.

– Det vi er mest opptekne av er at universiteta og høgskulane våre skal ha gode og robuste fagmiljø. Så kan det vere at det får indirekte konsekvensar, seier Lekve og får støtte frå Terje Mørland, direktør i Norsk organ for kvalitet i høgare utdanning (NOKUT). NOKUT skal behandle både søknader om doktorgradsutdanningar og universitetsstatus.

– Eg synst krava er fornuftige. Dei er eit uttrykk for at ein vil legge vekt på robuste fagmiljø og studietilbod, seier NOKUT-direktøren.

Inga auke

Leiinga ved høgskulen er einige i at det er viktig å stille krav til kvaliteta, men set spørsmålsteikn ved kravet om ein årleg produksjon på 20 kandidatar for kvart program.

– Det vil kreve at departementet følgjer opp med å tildele fleire stipendatstillingar til høgskulane, seier HiB-rektoren.

KD har likevel ikkje lagt opp til nokon spesifikk auke i stipendiatstillingane i høve det nye forslaget.

– Det er ikkje tenkt nokon direkte samanheng der førebels, seier statssekretær Kyrre Lekve.

DETTE ER KRAVA
  • I dei foreslåtte krava frå regjeringa heiter det at minst åtte fagpersonar med doktorgrad skal vere tilknytt programmet. Minst fire av desse skal ha professorkompetanse.
  • I tillegg skal kvart program ha kapasitet til å uteksaminere 20 kandidatar i året.
  • HiB har per i dag ingen etablerte doktorgradsutdanningar, men reknar med å sende søknad om etablering av den første i 2011.
  • For å oppnå universitetsstatus må ein institusjon kunne tilby minst fire doktorgradsutdanningar.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.