I vår vedtok fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultet (HF) ved Universitetet i Bergen (UiB) å leggja ned sju tilrettelagde bachelorprogram ved fakultetet. Mellom desse var europastudiar og kjønnsstudiar. I november gjekk utdanningsutvalet ved UiB likevel inn for å tildela dei to sistnemnde studieplassar. Europastudiar vert samstundes overført til Det samfunnsvitskaplege fakultet (SV).
– Eg synst overføringa av europastudiar er rimeleg. I praksis er det slik at ein stor del av studentane på programmet vel fordjuping på SV allereie, fortel Jan Oldervoll, visedekan for utdanning ved HF.
Han får støtte av Tonje Kiran, som er leiar i fagutvalet for europastudiar.
– Det er veldig fint at programmet no vert overført til SV. Dei fleste studentane forflyttar seg til samanliknande politikk etterkvart uansett, stadfestar ho.
Overføringa av europastudiar kjem som følgje av eit ynskje frå SV-fakultetet om å få oppretthalda programmet. Seksjonssjef ved SV, Ingrid Christensen, forklarar at dette skuldast stor satsing på området.
– Europa har vore eit fagområde Institutt for samanliknande politikk har stor kompetanse på. Ein fann det difor negativt at HF ynskte å leggja programmet ned. Dersom UiB ikkje hadde tilbydd faget, ville me vore det einaste store universitetet i Noreg utan eit slikt tilbod, påpeikar ho.
Christensen fortel at sjølv om programmet byter fakultet, vil opplegget bli nokså likt som før.
– Det vil nok også bli tilbod om nokre spesialiseringar på HF, fortel ho, men kan enno ikkje gå inn i detaljar rundt fagopplegget.
Kiran har forstått at flyttinga medfører noko meir politikk det første studieåret.
– Nokre kulturelle fag forsvinn. Men desse kan vera valfag, og eg synst dette er ei positiv endring, seier ho.
Også kjønnsstudiar overlever som eige bachelorprogram, i alle fall eitt år til. Oldervoll forklarar at kjønnsstudiar berre vart lagt ned under den føresetnaden at det vart etablert eit alternativ der studentar kunne bruka dei 60 frie studiepoenga i ein annan bachelorgrad til fordjuping i kjønnsstudiar.
– Det har teke lenger tid å etablera eit slikt konsept enn ein rekna med, og fakultetet ynskte at dette skulle framstå som eit klart tilbod for studentane før bachelorprogrammet vart fjerna, forklarar han.
Ellen Mortensen er professor ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking, og har hatt ansvar for kjønnsstudiar. Ho er svært nøgd med å få halda fram eitt år til.
– Det er glimrande. Det er noko me kjempa for, men som me skjønte ikkje ville gå gjennom hos fakultetsstyret, seier ho.
Mortensen forklarar at det har vore ein mangelfull ressurssituasjon på bachelorprogrammet for kjønnsstudiar ei stund, men fortel at dette no ser ut til å endra seg.
– Eg håpar difor me no får eit nytt høve til å få orden på programmet. Tidlegare har mange programstudentar falle frå, og me håpar at ein betre struktur vil hjelpa, seier ho.
Den endelege tildelinga av studieplassar vert avgjort i Universitetsstyret 1. desember.
Våren 2010 avgjorde fakultetsstyret ved HF å leggja ned følgjande tilrettelagde bachelorprogram:
På møte i Utdanningsutvalet ved UiB i november gjekk ein likevel inn for å tildela nye plassar til kjønnsstudiar og europastudiar.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.