Mest aktive brukere »

Nyhet.

Studentane fryktar splitta fagmiljø

GRØNT BYGG: I nybygget på Kronstad vil ein bevare mykje av det gamle i kombinasjon med nytt. 92 prosent av materiale som blir til overs under bygginga blir gjenvunne. Foto: MARIE HAVNEN

HiB har lagt fram forslag om fordeling av tilsette og studentar mellom Kronstad og Møllendalsveien. Fleire meiner det skil studentar frå forskingsmiljøa.

Tekst: ELINE KIRKEBØ
Sist oppdatert: 16.05.12 kl. 01.10

Ei arbeidsgruppe ved Høgskolen i Bergen (HiB) har sendt ut ei innstilling med to alternativ som no er ute på høyring blant studentane. Gruppa har einstemmig konkludert med alternativ 1, som let alle bachelorstudentar gå dei første åra på Kronstad, medan forskingssenter, stipendiatar og masterstudentar vert plassert i Møllendalsveien. Anders Kvernmo Langset, leiar for Studentparlamentet ved HiB, seier dei førebels er skeptiske til forslaget.

­­– Vi er redd ei slik deling vil føre til fragmentering av fagmiljøa, seier Langset.

Han er engsteleg for studentane sitt høve til involvering i forsking.

– Vi har som mål at studentaktiv forsking skal vere integrert i alle studieløp, noko som blir vanskeleg om forskingsmiljøa vert plassert ein annan plass enn bachelorstudentane, seier Langset.

Studentparlamentet vil vedta sitt høyringsvar 24. mai.

– Før dette kan vi ikkje seie meir om innstillinga enn at vi er skeptiske til alternativ 1, men vi er klare på at alle HiB-studentane skal til Kronstad etter kvart, seier Langset.

Fordelar og ulemper

Simon Filip Berg, lærarstudent, og Rasmus Haugen Sandvik, økonomistudent, har ulike syn på innstillinga.

Berg meiner det er positive og negative sider ved begge forslaga, men er einig med innstillingsgruppa i at alternativ 1 er det beste.

– At alle skal få gå dei første åra på Kronstad gjer at flest mogleg får delta i eit felles studiemiljø, seier Berg.

Sandvik er ikkje einig i at dette er det viktigaste.

– Idéen om felles identitet er i utgangspunktet ikkje like viktig som at lærarane har område der dei arbeider felles, meiner han.

I likskap med Langset er Sandvik engsteleg for den forskingsbaserte utdanninga. Berg trur ikkje dette vil vere eit problem.

– Er det eigentleg så avgjerande at dei ikkje held til på same stad? Eg har trua på at dei klarer å trekkje inn forsking i undervisninga uavhengig av plassering, seier han.

Sandvik er einig i at det ikkje vil vere krise uansett kva alternativ som får gjennomslag.

– Dei menneskelege ressursane er det viktigaste. Eg trur folk verdset nærleik til kollegaer meir enn identifikasjon til studiestad. Det er viktig for bachelorstudentar å kunne stikke innom kontoret til forskarar og slå av ein prat, meiner Sandvik, som legg til at han sjølv gjerne nyttar høvet til eit glas juice med ein professor.

– Eg trur det er få som har det behovet, seier Berg.

Uroa for forskingsmiljøet

Reidun Faye, stipendiat ved Senter for Utdanningsforsking ved HiB, meiner begge alternativa gir grunn til uro med tanke på forskingsmiljø og stipendiatar. Ho meiner stipendiatane i begge forslaga vil bli separerte frå relevante fagmiljø.

– For meg som driv med forsking vil dette føre til at eg ikkje vil få delta i den daglege aktiviteten rundt undervisninga på alle nivå. Det er urovekkjande at det er foreslått at forskingsmiljøa skal separerast frå største delen av utdanningsmiljøet, seier ho.

Eit av argumenta i innstillinga er at det er naturleg at stipendiatane held til same stad som masterstudentane fordi stipendiatar underviser mest på masternivå.

– Dette argumentet er ikkje heilt rett, då vi stipendiatar underviser på alle nivå, også på bachelornivå, seier ho.

Eit anna argument i innstillinga er at samling av forskingsmiljøa frå alle avdelingane ved HiB kan gi auka forskingskompetanse og gi betre forskingsresultat. Dette er Faye ikkje einig i.

– Sidan eg driv med utdanningsforsking har eg større utbytte av å ha dagleg kontakt med lærarutdannarar enn forskarar som forskar på heilt andre felt enn meg, meiner Faye.

Enno uvisst

Ole Gunnar Søgnen, rektor ved HiB, opplyser at leiinga ikkje ynskjer å uttale seg før saka blir teke opp i styret 21. juni.

– Eg er oppteken av ein best mogeleg prosess der alle skal få høve til å uttale seg. Studentane si uttale vil bli handsama på lik linje med dei andre, seier han.

– Gir kritiske og reflekterte studentar

Professor Helge K. Dahle meiner nærleik mellom studentar og forsking er svært viktig for eit universitet.

– Det er viktig å inkludere studentar i institutt og forskingsgrupper tidleg i studiet. Det seier seg sjølv at dette krev geografisk nærleik, seier han.

Dahle er professor ved Matamatisk institutt ved Universitetet i Bergen. Han meiner nærleik mellom studentar og forsking er avgjerande for robuste fagmiljø.

– Utan aktive studentmiljø og god rekruttering vil forskingsgruppene forvitre over tid. Liten avstand mellom studentar og fagmiljø kan òg føre til mindre fråfall i studiet, trur Dahle.

Dahle peiker på at dei mest vellukka fagmiljøa ofte har etablerte aktive studentgrupper rundt seg. Han meiner forskingsbasert undervisning er svært viktig for eit universitet.

– Den forskingsbaserte undervisninga er det som særmerkar forskingsuniversiteta og ligg til grunn for den kritiske og reflekterande tenkinga vi ynskjer at studentane skal lære, seier han.

Dahle fortel at forholdet mellom forskning og studentar ved Det matematisk- naturvitenskapelige fakultet er nært.

– Fakultetet har mykje felt- og labundervisning der studentane tidleg kjem i tett kontakt med forskarar, fortel han.

SAMLOKALISERINGA PÅ KRONSTAD
  • Det nye skulebygget på Kronstad vil vere klart for innflytting i 2014.
  • Bygget er planlagt for 4400 studentar og 500 tilsette.
  • Ein antar at HiB har ca. 8400 studentar og ca. 800 tilsette i 2014.

Kjelde: Saksliste for høgskulestyremøte for HiB 1/2011, Sak 04/2011

INNSTILLING OM FORDELING

Gruppa som står bak innstillinga har einstemmig konkludert med at alternativ 1 er det beste.

Nybygget på Kronstad skal vere klart for innflytting i 2012

Alternativ 1:

  • Alle bachelorstudentar skal ha dei første studieåra på Kronstad
  • Høgskolens sentre, stipendiatar, mastergradsstudie og utvalte 3. års studentar skal samlast i Møllendalsveien
  • Fagpersonalet vert lokalisert på same stad som der dei har hovuddelen av si verksemd
  • Administrativt personale er fordelt på ein hensiktsmessig måte mellom dei to studiecampus


Altertativ 2:

  • Studie med liten eller inga tilknyting til spesialrom plasserast i Møllendalsveien.


 

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

Bildeserier