Mest aktive brukere »

Nyhet.

Studentar forsvarar leiingsfaget

NØGDE. Saliba Korkunc og Alina Klemetsen tykkjer dei får ei god forståing for både teori og praksis gjennom studiane på NHH. Foto: JARLE HOVDA MOE

Leiingsfaget har blitt kritisert for å innehalde altfor lite praksis. Men i Bergen er ein ikkje einig.

Tekst: VILDE GRIMELID OPPEDAL
Sist oppdatert: 18.05.11 kl. 10.38

– Å skulle ta leiingsfag utan å få noko særleg praksis er litt som om ein legestudent skal gå gjennom medisinstudiet utan å møte ein einaste pasient, seier Erling Paulsen, administrerande direktør i Aspiro TV.

Han kritiserte i eit innlegg i Dagens Næringsliv nyleg leiingsfaget for å vere for teoretisk basert utan at studentane ser korleis det fungerer i praksis.

Saliba Korkunc og Alina Klemetsen, som tek ein mastergrad i strategi og ledelse ved Norges Handelshøyskole (NHH), er ikkje einige med Paulsen. Dei meiner utdanninga relaterer teorien godt til praksis.

– Vi har ikkje utplassering i bedrifter, men vi har ein god blanding av casestudiar, tavleundervisning og gruppearbeid der vi får diskutert praktiske løysingar i timane, seier dei.

Vanskeleg å gjennomføre

Paulsen meiner både studentar og næringsliv kan tene på å lage utplasseringsordningar.

– Leiing lærer ein over tid gjennom konkrete erfaringar og utfordringar, og det kunne vore gunstig for studentane å følgje ei leiing i ei bedrift over lengre tid. Bedriftene vil også kunne nytte godt av friske idéar frå studentane, seier han.

Iver Bragelien, dekan for masterutdanningane ved NHH, meiner dette ikkje nødvendigvis er den beste løysinga.

– Eg er einig i at studentane gjerne kan ha både teoretisk kunnskap og forståing av korleis ting foregår i praksis, men å skulle utplassere alle studentane vil vere svært krevjande. Studentane kan også få god forretningsforståing gjennom til dømes casestudiar der ein brukar situasjonar frå ekte bedrifter, samt gjesteforelesingar. Dette er mykje lettare å gjennomføre, seier han.

Ved BI Bergen legg dei også stor vekt på å relatere teorien til praktiske situasjonar i Master of Management-programmet.

– Vi har ei tett tilnærming mellom teori og praksis. Sjølv har eg rundt 30 års erfaring frå næringslivet som eg nyttar til dette. Dei fleste som underviser ved BI Bergen har vore ute i næringslivet, seier Eric Løfquist, førsteamanuensis ved BI Bergen.

- Nytt studentorganisasjonane

Studentorganisasjonane kan også vere viktige arenar for praktisk erfaring. Korkunc og Klemetsen er begge engasjerte i studentforeininga ved NHH, NHHS.

– Svært mange på NHH er engasjerte i NHHS, og det er der vi får prøvd ut teorien gjennom ulike stillingar innan organisasjonen. Det gir oss eit visst innblikk i korleis det er å leie nokon, seier dei.

Dette meiner også William Brochs-Haukedal, professor på Institutt for strategi og ledelse ved NHH.

– Den beste praksisen er å jobbe ved sidan av studiane og delta i studentorganisasjonar. Då ser ein korleis ting fungerer i ein organisasjon, seier han.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.