– Vi har alllereie fått inn nærare 60.000 kroner på stand i år, og det er ny rekord. I tillegg ventar vi på meir pengar som andre klubbar har samla inn. Det verkar som studentar er engasjerte, seier Elisabeth W. Mohn, aksjonsleiar for Lions Club Bergen Student sin juleaksjon 2010.
Lions sitt studentlag i Bergen har arrangert juleaksjonen «Utdanning til jul», som ein del av «Sponsor a Dream»-prosjektet. Ved hjelp av dette kan ein vere med å sponse eit år med skulegang for born i slummen i Uganda sin hovudstad Kampala.
I to veker har studentar stått på stand og selt blyantar, julekort og fadderdiplomar til inntekt for 82 born sin skulegang. Medlemmar frå Lions Club Bergen student har også sjølve vore i Uganda og sett behovet for hjelp.
– Nokre av borna går sporadisk på skule, men med årets aksjon vil dei garantert kunne få eit år utan opphald. Vi håpar dette vil gi meir stabilitet i ein vanskeleg kvardag, fortel Mohn.
Det blei også arrangert julekonsert på Hulen med Herr Nilson og Silja Dyngeland, som spelte gratis.
– Vi har fått gode tilbakemeldingar på konserten, og ser det som ein god måte å markere juleaksjonen på, seier Mohn.
Også på Kvarteret blir det arrangert ein innsamlingsaksjon.
4. desember arrangerer Aktive Studenters Forening (ASF), Studentersamfunnet og Norsk Folkehjelp Ungdom Bergen Solidaritetshelhus til inntekt for Gaza.
– Dette blir det siste Helhuset før jul, og det har lenge vore planlagd at vi skulle samle inn til noko, seier ASF-leiar Gøran Thengs.
Billettinntektene går til Norsk Folkehjelp sitt prosjekt «Sahim-ungdom tek saka». Det skal gi ungdom ei moglegheit til å bidra i samfunnet med eigne evner og erfaringar.
– Dei vil få opplæring i blant anna leiarskap, kreativ skriving, demokrati og menneskerettar, fortel Kristian Skaar, leiar for Norsk Folkehjelp Ungdom Bergen.
Han legg også til at dei håper aksjonen vil gi bergensstudentar eit betre innblikk i korleis ungdom har det på Gaza.
Kvelden startar med ein paneldiskusjon, og seinare står ulike konsertar og ein hyllest til Bob Dylan på programmet. Norsk Folkehjelp og andre organisasjonar vil også ha stands.
– Eg håpar at slike innsamlingsaksjonar kan bli ein årleg tradisjon, seier Thengs.
Kjelde: www.lions.no
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.