Tysdag kveld blei det kjent at Bergen kommune ser Sydneshaugen skule som eit alternativ for dei 170 elevane som må flyttast når Møhlenpris barneskule skal pussast opp til hausten.
– Vi ser på Sydneshaugen skule som eit alternativ. Vi er i positiv dialog med UiB for å finne ei løysing i dette området, seier skulebyråd Harald Victor Hove til Bergensavisen tysdag kveld.
Humanistisk stundentutval (HSU) stiller seg sterkt negative til forslaget.
– Det at UiB i det heile vurderer å kasta studentane ut i brakker er forkasteleg, og vi ser ikkje korleis universitetsleiinga kan ta dette forslaget på alvor, seier HSU-leiar Tor Sivertsen Prestegard til studvest.no.
HSU meiner det er dumt at 170 elevar ikkje har eit godt læringsmiljø, men meiner at dette ikkje kan gå på bekostning av 3000 studentar ved Det humanistiske fakultet.
– Ein barneskule går ikkje overeins med eit universitet. Det vil bli meir bråk, høglydt, og masterstudentene vil ikkje få ro til å lese, seier Prestegard.
Det vil ta tre år før elevane kan komme tilbake til ein nyoppussa Møhlenpris skule, og ifølgje kommunen er ei løysing i samarbeid med universitetet førsteprioritet.
Onsdag skal skulebyråden på befaring på Sydneshaugen skole saman med mellom anna rektor Sigmund Grønmo. Ifølgje Prestegard vil HSU be om å få vere med på befaringa.
Studvest.no følgjer saka.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.