Mest aktive brukere »

Nyhet.

Studentar sviktar fairtrade

IKKJE LENGER Å FINNE. Ubuntu-colaen har forsvunne frå SiB-kantinene sine hyller. Studentane var ikkje villige til å betale for den alternative brusen. Illustrasjonsfoto: JARLE HOVDA MOE

Studentsamskipnaden i Bergen har fleire gonger forsøkt å lansere fairtrade-varer i kantinene. Studentane har svikta salet av desse produkta.

Tekst: VILDE GRIMELID OPPEDAL
Sist oppdatert: 27.10.10 kl. 00.09

– Vi har hatt ein aktiv strategi for å få fairtrade-varer inn i sortimentet. Dessverre har desse varene blitt «hyllevarmarar», seier Ørjan Vågstøl, direktør for SiB- kantinene.

Per i dag er all kaffien og noko te fairtrade-produkt.

SiB si satsing på fairtrade er også viktig for Bergen kommune sin status som fairtrade-kommune.

– Det er avgjerande at SiB støttar rettferdig handel. Dei har mange kantiner og deira satsing vog tungt då Bergen fekk denne statusen, seier Thor Øivind Jensen, førsteamanuensis ved UiB og medlem av styringsgruppa for fairtrade i Bergen kommune.

Få produkt

Hanne Kvilhaugsvik, fagpolitisk- og forskningsansvarlig i Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen, meiner det manglande utvalet av produkt i kantinene er årsaken til det dårlege salet.

– Eg trur studentane er opptekne av fairtrade og kjem til å bruke slike produkt dersom dei er tilgjengelege, seier ho.

Dette er ikkje Vågstøl si erfaring.

– Vi har dei siste åra teke inn færre fairtrade-produkt på grunn av manglande omsetning. Mange ønskjer nok å bry seg, men til slutt er det kjende produkt og låg pris som gjeld, seier han.

Jensen støttar opp om dette.

– Studentar i Bergen kan mykje om fairtrade og ønskjer å gjere noko med det, men er lurvete med praksisen.

Treng meir informasjon

Ein av årsakene til at studentane ikkje kjøper fairtrade-produkt kan vere mangel på informasjon om varene.

– SiB er ikkje gode nok på informasjon. Folk må i dag spørje om dei ønskjer å vite noko og det er ikkje godt nok, meiner Kvilhaugsvik.

SiB innser sjølve at dei kan bli betre på dette området.

– Vi kunne vore betre på informasjon og ønskjer ein tettare dialog med studentane i forhold til val av produkt, seier Vågstøl.

Jensen etterlyser både nye vareslag og informasjon om desse.

– SiB kunne vore flinkare til å følgje opp med nye varer, og i tillegg informere studentane om at dei kan hjelpe ved å kjøpe desse produkta, seier han.

Vil gjerne satse

SiB er ikkje framande for ei ny fairtrade-satsing dersom studentane støttar opp om det.

– Vi har ingen konkrete planar i dag, men har det med i den langsiktige planen vår. I såfall er det viktig at studentane er villige til å betale for produkta, fortel Vågstøl.

Han fortel vidare at SiB ønskjer å ta samfunnsmessig ansvar som verksemd.

– Det er rimeleg at SiB går føre med eit slikt initiativ, og at studentane sine representantar føler ansvaret for å presse på for dette, seier Jensen.

FAIRTRADE
  • Ein internasjonal merkeordning for rettferdig råvarehandel.
  • Basert på partnarskap mellom produsentar i sør og forbrukarar i nord.
  • Sikrar produsentar i sør marknadstilgang og rettferdig råvarebetaling.
  • Over ein million bønder og plantasjeabeidarar er tilknytte systemet.
  • Skal verne miljøet og betre bøndene og arbeidarane sine arbeidsforhold.


Kjelde: www.maxhavelaar.no

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.