Mest aktive brukere »

Nyhet.

Tora endrar sjukestipendet

MEIR FLEKSIBELT. Det har lenge vore eit krav at studentar er fullstendig studieuføre for at dei skal få sjukestipend frå Lånekassen. No vil statsråd Tora Aasland endra regelverket. – Me ønskjer jo at studentar skal kunna vera på skulen så ofte som dei klarar, seier ho. Arkivfoto: IDA ANDERSEN

Delvis sjukemelding blir ein realitet for studentar etter påtrykk frå Utøya-pårørande. – Ein siger, men synd at ei slik hending måtte til, seier NSO.

Tekst: GERD MARGRETE TJELDFLÅT
Sist oppdatert: 29.09.11 kl. 16.35

Lånekassen sitt regelverk krev i dag at studentar skal vera heilt studieuføre for å motta sjukestipend, der alt studielånet til studenten vert omgjort til stipend. No vil Kunnskapsdepartementet (KD) gå inn for ei regelendring, skriv VG Nett.

Bakgrunnen er ønskje frå støttegruppa etter 22. juli. Dei er urolege for at studentar berørt etter terroråtaka i sommar slit med studia sine.

Gjeld for alle

– Me vil umiddelbart starta arbeidet med ei endring i regelverket for Lånekassen, slik at mogelegheita for å få sjukestipend blir meir fleksibel, seier Tora Aasland, statsråd for høgare utdanning, til VG Nett.

– Me veit det er studentar som klarar å gå til undervisning enkelte dagar, men som også har dagar dei ikkje klarar det. Me vil gjera det mogeleg også for desse å få sjukestipend. Me ønskjer jo at studentar skal kunna vera på skulen så ofte som dei klarar, seier ho.

Sjølv om det er 22. juli som er den utløysande årsaka for regelendringa, vil den gjelda for alle studentar som treng deltidssjukemelding.

– Ein siger

Anne Marit Ringvold, nestleiar i Norsk Studentorganisasjon (NSO), er nøgd med endringa.

– Dette kallar me ein siger, NSO har jobba med dette i alle år. Me synst særleg det er positivt at dette vil gjelda for alle studentar, seier ho til Studvest.

Likevel har sigeren ein bismak.

– Det er synd at det må ei hending som Utøya til for at ein skulle sjå på denne ordninga. Det har også skjedd andre hendingar i vanlege studentar sine liv som har gjort at dei kunne trenga deltidssjukemelding, seier ho.

Studvest omtalte problemet med deltidssjukemelding for studentar sist i 2010. KD sa då at dei venta på svar frå ei levekårsundersøking for studentar.

– Denne vil kunna avdekkja behov for målretta tiltak for studentar som blir sjuke under utdanninga, sa departementet den gongen.

Aasland seier til VG Nett at departementet umiddelbart vil senda sak om endring av Lånekassens reglar til regjeringa. Dei ønskjer også at regelendringa har tilbakeverkande kraft, slik at Utøya-overlevande som allereie har fått delar av studieåret øydelagt skal få sjukestipend.

Det har førebels ikkje lukkast Studvest å få ein kommentar frå statsråd Tora Aasland.

Sjukestipend
  • Sjukestipend betyr at lån vert omgjort til stipend når du blir sjuk i ein periode du mottar støtte frå Lånekassen. Vanleg stipend vert omgjort til sjukestipend.
  • Du må vera heilt studieufør.
  • Du kan ikkje ha rett til sjukepengar eller arbeidsavklaringspengar frå folketrygda i sjukdomsperioden.
  • Du kan få sjukestipend for inntil fire månader og to veker i løpet av eit undervisningsår.

Kjelde: Lånekassen

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.