– Av og til må vi sende heim pasientar fordi vi ikkje har nok lærarkapasitet, fortel tannlegestudent Tuva Nergård Rønne.
I den delen av undervisninga som foregår på universitetsklinikken må studentane få godkjent arbeidet av ein lærar før dei kan gå vidare.
– Det går fort ein time med berre dødtid. Det går ut over pasientane. Det blir ikkje attraktivt å vere pasient her under slike høve, fortel medstudent Ingvild Eilertsen Sundby.
Studentane fortel at ein får skriftlege advarslar om å måtte hoppe bak eit studieår om ein ikkje får godkjent dei praktiske kursa.
– Ein kan få det sjølv om ein møter i klinikken kvar dag og jobbar hardt for å gjere det ein skal. Berre på grunn av at lærarane ikkje rekk å gi oss den rettleiinga vi må ha, fortel Eline Redner Tverran som går fjerde året på tannlegestudiet.
Instituttleiar ved Institutt for klinisk odontologi (IKO) Inge Fristad meiner problema botnar i beslutninga om å skilje ut klinikken frå instituttet. Sidan 2008 har mellom anna auka administrasjonskostnader forbunde med utskiljinga bidratt til eit samla underskot for institutt og klinikk på 10 millionar kroner og kutt i om lag ti vitskaplege stillingar. Dette betyr mindre rettleiing per student.
– Utskiljinga låg som eit premiss for samanslåinga av medisinsk og odontologisk fakultet. Dette var ei universitetsbeslutning som ikkje hadde full støtte i fagmiljøet, fortel Fristad.
På spørsmål om korvidt det var ein god idé å legge dette som premiss svarar universitetsdirektør Kari Tove Elvbakken følgjande:
– Dette blei lagt til grunn etter ønskje frå fakultetet.
Nina Langeland, dekana ved Det medisinsk-odontologiske fakultet (Mofa) synest situasjonen studentane skildrar er beklageleg. Ho var ikkje tilsett i si noverande stilling då utskiljinga blei gjennomført.
– Eg kjenner ikkje situasjonen frå før utskiljinga, men eg trur nok det var eit uheldig premiss å legge til grunn, meiner Langeland.
Det har ikkje lukkast Studvest å få nokon kommentar på om tildelingane til odontologi er store nok, men i eit notat frå tidlegare i haust fann universitetsstyret det «ikkje tilrådeleg å styrke budsjetta for fakultetet og klinikken med sikte på å løyse dei økonomiske utfordringane for odontologi.» Vidare heiter det at «dei ansvarlege einingane må sjølve handtere dei budsjettmessige utfordringane.»
– Eg trur instituttet må prioritere å erstatte dei vitskaplege stillingane som er kutta framfor administrative stillingar, seier dekana Nina Langeland, og held fram at odontologi ikkje har blitt behandla annleis økonomisk enn andre einingar som ligg under fakultetet.
– Dei har fått dei same rammene som andre institutt, i tillegg til ei ekstra bevilgning på 4,5 millionar kroner for i år, fortel ho.
– Eg trur ein må sjå på om det har vore rett prioritering mellom klinikk og institutt og om administrasjon har blitt prioritert for høgt. Instituttet må først og fremst sikre at dei har nok lærarar.
Dei tapte vitskaplege stillingane er hovudsakleg pensjonsavgongar som ikkje har blitt erstatta.
– Eg kan ikkje sjå at vi kunne prioritert noko annleis, seier instituttleiar Inge Fristad.
– Då måtte vi byrje å seie opp folk i administrative stillingar og det er eigentleg ikkje noko tema så lenge universitetet har eit personvern i høve oppsigelsar. Dermed blir det dei som går av som blir tekne og difor rammar dette vitskaplege framfor administrative stillingar.
På grunn av reduksjonen i vitskaplege stillingar har ein måtta slutte å ta opp studentar til spesialistutdanningane innan pedodonti (barnetannlege) og røntgen.
– Vi manglar rett og slett personar innanfor desse fagområda som kan ta seg av undervisninga, fortel instituttleiar ved Institutt for klinisk odontologi (IKO) Inge Fristad.
Fram til nyleg har universiteta i Bergen og Oslo vore dei einaste lærestadane i landet med desse moglegheitene for spesialisering.
– Det er klart negativt for fagmiljøa. Når eit av dei to fagmiljøa som driv med desse tinga må slutte med det, får vi fort eit nasjonalt problem, held instituttleiaren fram.
Han ser heller ikkje for seg at dei kan ta fatt med nytt opptak med det første.
– Då er vi avhengige av meir midlar. Vi får ikkje utlyst stillingar utan at vi har ressursar til det, seier han.
Instituttleiaren får støtte frå president i Norsk tannlegeforening Gunnar Lyngstad.
– No er det berre i Oslo ein kan få denne spesialiseringa. Konsekvensen er at det blir vanskelegare å skaffe nok spesialistar i desse faga, seier Lyngstad.
Han er bekymra for dei konsekvensane dette kan ha på lengre sikt.
– Vi fryktar for at det også kan bli dårlegare tilbod i grunnutdanninga når ein ikkje har noko forskningsmiljø å basere undervisninga på, seier han.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.