Mest aktive brukere »

Nyhet.

UB med millionunderskot

FRYKTAR FOR TILBODET. På sikt kan utgiftsveksten knytt til e-tidsskrift føre til eit dårlegare tilbod, fryktar biblioteksdirektøren. Foto: EMIL WEATHERHEAD BREISTEIN

Auka bruk av e-tidsskrift har ført til eit stort underskot ved Universitetsbiblioteket.

Tekst: OLE JAKOB SKåTUN
Sist oppdatert: 19.01.11 kl. 00.01

Det er auka momsutgifter og ein generell prisauke på e-tidsskrift som har skulda når Universitetsbiblioteket (UB) ved Universitetet i Bergen (UiB) i fjor gjekk mot eit forventa underskot på 4,6 millionar kroner. E-utgåvene av tidsskrifta er nemleg momsbelagte med 25 prosent, i motsetnad til papirutgåvene, som har nullmoms.

– Når ein får ei reell straff så har ein mindre insentiv til å bruke meir elektronisk litteratur. Konsekvensen blir at vi ikkje klarer å halde takt med utviklinga. Vi blir stadig kontakta av fagmiljøa som treng meir litteratur, men vi klarer ikkje tilfredstille alle behova, seier biblioteksdirektør Randi Taxt.

Momsutgiftene ved UB har stege frå 100 000 kroner i 2001 til 6,5 millionar kroner i 2005.

Eigen budsjettpost

Leiinga ved UiB seier dei har forståing for problematikken og som eit svar har ein gått inn for å gjere UB sine litteraturutgifter til ein eigen budsjettpost.

– Eit minus på mediebudsjettet vil altså ikkje lenger få konsekvensar for vår drift, forklarar biblioteksdirektøren, som legg til at det ikkje berre er momsen, men også dei generelt aukande prisane frå forlaga som er skuld i situasjonen. Ho meiner dei har for stor marknadsmakt.

Taxt meiner ein difor bør sørge for å ha eit mediebudsjett som står i stil med universitetet sine forskingsambisjonar, og får støtte frå prorektor Berit Rokne.

– Skal UiB ha ambisjonar om å vere eit internasjonalt anerkjent forskingsuniversitet, er det viktig at UiB sine forskarar og studentar har tilgong til den faglitteratur og dei informasjonskjelder som er leiande innanfor sine fagfelt, seier prorektoren.

Inga fjerning i sikte

Mats Johansen Engdal er fag- og forskingsansvarleg i Arbeidsutvalet (AU) ved Studentparlamentet på UiB. Han presiserer at det nytilsette AU enno ikkje har fått diskutert saka, men uttalar seg som representant for Blå Liste. Dei vil helst ha momsen fjerna.

– På lenger sikt vil fjerning av momsen kunne bidra til meir oppdatert og betre tilgjengeleg læringsmateriell, meiner han.

For å fjerne momsen trengst eit stortingsvedtak. Det ser likevel ikkje ut til at regjeringa vil gå inn for det med det første.

– Det finst inga avklaring om momsreduksjon på elektroniske tidsskrift og bøker enno. Finansdepartementet fryktar at momsfritak eller reduksjon på elektroniske tidsskrift og bøker kan spreie seg til andre andsverk, seier arbeiderpartipolitikar Gunn-Karin Hjul til På Høyden.

DETTE ER SAKA
  • Veksta i e-tidsskrift har vore så stor at det ikkje har vore mogleg å handtere den innanfor UB sitt ordinære budsjett.
  • Prisveksten på e-tidsskrift har dei siste åra lagt på 10 prosent.
  • Bøker og trykte tidsskrift er ikkje momsbelagte i dag.
  • Elektroniske tidsskrift er definert som ein teneste og er dermed belagt med 25 prosent moms.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.