Universitetet i Bergen har det siste året klatra på fleire internasjonale universitetsrangeringar. Rektor Sigmund Grønmo er godt nøgd med framgangen.
– Det gjer UiB meir attraktivt som studiestad og akademisk miljø. Det gjer også at eit vitnemål frå UiB er meir verdifullt overfor arbeidsgivarar, seier Grønmo.
Universitetsrangeringar var eit av tema som var oppe då universitetsstyret møttest onsdag 27. oktober.
– Vi skal ha ambisjonar om å gå ytterlegare fram, blei det slått fast av Grønmo til På Høyden.
UiB-professor Jan Petter Hansen har tidlegare påpeikt at det berre skulle mangle at ikkje Noreg, som eit av dei rikaste landa i verda, tok mål av seg å vere i tet, også når det gjeld høgre utdanning.
– Kor burde UiB ha ambisjonar om å plassere seg på slike rangeringar etter ditt syn?
– Med dagens ressurstilgong – topp 100-200 på dei fem fremste rangeringane. Med meir offensive budsjett – topp 100, seier Hansen.
Universitetstyrerepresentant Gry Kibsgaard meiner at ein ved UiB allereie har god grunn til å vere fornøgd og meiner at om vi ikkje kan samanlikne oss med topp 10-institusjonane heilskapleg, så burde ein gjere det innanfor visse områder.
– Vi har fleire miljø som er i verdsklasse, og her må vi vere klare på at vi skal kunne samanlikne oss med dei beste, seier Kibsgaard og held fram fagområde som nevrovitskap og klimadynamikk.
Knut Kjeldstadli, utdanningsekspert og UiO-professor, er imidlertid skeptisk til kva som eigentleg blir lagt vekt på i slike rangeringar.
– Rangeringane burde ta utgangspunkt i kva kunnskap det er verda faktisk treng, meiner Kjeldstadli og legg til at det ikkje nødvendigvis er bra om universitet legg opp strategiar for å klatre på rangeringar.
– Det kan i verste fall føre til feilbruk av ressursar. Å prioritere det rangeringane legg vekt på og ikkje det som eigentleg er viktig. Universiteta blir meir og meir som kvasibedrifter på ein internasjonal utdanningsmarknad, seier Kjeldstadli.
– Globalt er sal av utdanning over landegrensene ei av dei raskast veksande servicenæringane. Då er slike rangeringar ein del av reklamen. Det blir som anna kapitalistisk verksemd.
Professor Jan Petter Hansen er einig i at det er viktig å vere kritisk til kriteria som blir lagt til grunn i rangeringane, men meiner at slik situasjonen er i dag er det noko ein berre må forholde seg til.
– Samfunnet investerer enorme midlar i utdanning og forsking. Omkring dette er det vekst fram eit enormt kontrollapparat. Dette kjem ikkje til å avta, difor blir det viktigare at vi gjer det godt på rangeringane, seier Hansen og får støtte frå Grønmo.
– Det er eit problem at det veks fram kommersiell verksemd knytt til slike rangeringar. Men vi må også forholde oss til at dei blir tillagt stadig større vekt både nasjonalt og internasjonalt.
Kjelde: Wikipedia
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.