Kunnskapsdepartementet (KD) si nye satsing Vitskapsåret 2011 markerer Universitetet i Oslo sitt 200-års jubileum. Dette blir nytta som eit høve til å sjå på vitskapen og forskinga sin plass i Noreg. Det vil blant anna bli arrangert debattar, seminar og konferansar rundt om i landet.
– Vi treng ein brei debatt om betydninga av forsking og høgare utdanning for vekst, velferd og kulturell utvikling, seier forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland.
Regjeringa ønskjer i løpet av dette året å stille «dei store spørsmåla».
– Døme på desse spørsmåla er «kva er vår rolle når kloden si framtid står på spel?» og «kven har ansvar for helsa vår - individet eller staten?», seier statsråd Aasland.
Leiar for Forskerforbundet Bjarne Hodne fryktar at Vitskapsåret blir ein møteserie utan nokon konkrete politiske resultat.
– Dei spørsmåla statsråden listar opp er ikkje ukjende i forskingsmiljøa. Men å snakke rundt desse spørsmåla utan målretting kan bli misbruk av tid. Det blir for diffust, seier han.
Henning Warloe, forskingspolitisk talsmann for Høyre, saknar også konkretisering.
– Eg har ikkje sett noko program for Vitskapsåret. Det blei lansert litt ut i lause lufta før jul. Faren er at regjeringa berre gir inntrykk av at dei gjer noko, seier han.
Professor i Statsvitskap ved Universitetet i Oslo, Bernt Hagtvet, meiner at initiativet er viktig.
– Når samfunnet er så kunnskapsbasert som Noreg er dette av største betydning. Eg håpar det vil gi større forståing for kunnskapen sin eigenverdi i det moderne samfunnet, og for oss som har kunnskapen som livsprosjekt, seier Hagtvet.
I følgje regjeringa er målet med Vitskapsåret å stille opne spørsmål og invitere til diskusjon og debatt. Dei vil gjennom dette sjå på rolla forskinga og den forskingsbaserte utdanninga speler ute i samfunnet.
– Eg trur dette kan auke forståinga av vitskapen si rolle i samfunnet, og med dette styrke moglegheit for auka ressursar, seier rektor ved UiB Sigmund Grønmo.
Hodne meiner dette ikkje er produktivt utan ein diskusjon om ressursgrunnlaget for forskinga.
– Det ein bør bruke tid på er korleis ein skal realisere det som må ligge til rette for å lukkast, og det er ressursar. Det er positivt at forskinga blir løfta fram, men det er ikkje nok å diskutere. Fokus må i større grad vere på arbeidsforholda og økonomien til forskarane - dei som skal gi svara på dei store spørsmåla, seier han.
– Det er eit paradoks at 2011 er Vitskapsåret når forskingsbudsjettet reelt sett går ned dette året, seier Warloe.
Han håpar likevel Vitskapsåret kan føre til konkrete resultat.
– Det er bra om ein kan få resultat, som til dømes ein tydlegare retning når det gjeld Noreg sine ambisjonar på området.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.