Mest aktive brukere »

Nyhet.

Universitets-Noreg tviheld på penn og papir

SÅR ARM. Timevis i strekk med penn og papir kan vera hardt for ein utrent student. Illustrasjonsfoto: JARLE HOVDA MOE

Stadig fleire studentar er vande med PC-bruk frå vidaregåande. Ved dei tre største universiteta i Noreg må ein framleis ta eksamen på gamlemåten.

Tekst: INGRID EIDSHEIM DAAE
Sist oppdatert: 02.11.10 kl. 23.40

– Å gå tilbake til å ta eksamen med penn og papir er ikkje kjekt, seier Kristin Bjørlo Moe, som er førstesemesterstudent på juss ved UiB.

Våren 2009 gjekk ho ut av Ålesund videregående skole, som var tidleg ute med å innføra bruk av PC i undervisninga.

– På vidaregåande hadde alle bærbare PC-ar som me måtte ha med oss kvar dag, og me nytta desse på alle prøver og eksamenar. Då vart Internett kopla ut i dei romma som vart nytta til prøvene, og så sat gjerne læraren bakarst i klasserommet og følgde med på at ingen juksa, fortel ho.

Bjørlo Moe fortel at ho er litt nervøs framfor sin første universitetseksamen.

– Det vert vanskeleg med tidsbruken. Det går seinare å skriva for hand, og det er vanskeleg å redigera teksten. Dermed kan det verta til at det ein leverer er rotete, seier ho.

Betring i sikte - kanskje

I dag er det ingen skuleeksamenar ved UiB som vert gjennomført med bruk av data. Einaste unntak er studentar som av særskilde årsaker har krav på spesiell tilretteleggjing.

– Etter ynskje frå studentane har me undersøkt moglegheitene for å gjennomføra eksamen på PC, seier Kuvvet Atakan, viserektor for utdanning ved UiB.

Eksamen på PC er eit av tre hovudsatsingsområde i UiB sitt digitaliseringsprosjekt DigUiB. Dei to andre er digitale førelesningar og digitalt pensum. Etter planen skal det settjast i gang eit prøveprosjekt i somme fag hausten 2011.

Fokus på å unngå juks

– Burde ikkje eksamen på PC vore innført for lenge sidan?

– Mykje kunne vore gjort tidlegare, men for oss er det viktigaste å ivareta tryggleiken. Systemet som er brukt ved vidaregåande skular har vist seg å ha store hol på dette området, seier Atakan.

Neste steg vert å vurdera om universitetet har kapasitet til å endra eksamensordninga.

– Det vil ikkje vera aktuelt å gå over til eksamen på data på alle emne enno, opplyser Atakan.

Det er IT-avdelinga som er ansvarleg for å utvikla systemet for gjennomføring av eksamen på PC ved UiB.

– Det er mykje arbeid, men det er gjennomførbart. Me vil laga eit system som både er motstandsdyktig mot juks og stabilt nok, slik at studentane ikkje får problem under eksamen, forklarar Thomas Evensen, direktør ved IT-avdelinga.

– Men arbeidet med å innføra eksamen på PC burde vore starta før, seier Evensen.

Like dårleg overalt

Studvest har vore i kontakt med både Universitetet i Oslo og NTNU i Trondheim. Begge stader er bruken av PC på eksamen minimal.

– Studentane våre nyttar ikkje PC på eksamen. Me vurderer no konsekvensane det ville kunna få i høve til økonomi, tryggleik og infrastruktur, men me har ingen konkrete planar om å gjera noko med situasjonen, seier Anne Rossvoll, studiedirektør ved NTNU.

Ho vedgår at universiteta kan ha vanskeleg for å innfri forventningane studentar som er vande med utstrekt bruk av data frå vidaregåande.

Arbeidsutvalet (AU) til Studentparlamentet ved UiB har i år hatt bruk av PC på eksamen som punkt på arbeidsprogrammet sitt. I vår førebudde fag- og forskingsansvarleg i AU, Hanne Kvilhaugsvik, saka om PC-bruk på eksamen til Utdanningsutvalet. No sit ho i arbeidsgruppa for digital eksamen.

– Dette har vore ei av dei viktigaste sakene for meg i år, og det er noko eg har brukt mykje tid på å jobba med, seier Kvilhaugsvik.

 

http://studvest.no/nyhet/klisterhjerne-til-eksamen

RELATERTE ARTIKLER »

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.