Dei siste ti åra har det vore ei markant auke i talet på doktorgradskandidatar, også her i Bergen. Dette er ein del av eit langsiktig mål regjeringa har om å heve kompetansen i samfunnet. Langt frå alle kan rekne med å få seg jobb innanfor akademia.
– Eg tek ikkje for gitt at eg får jobbe innanfor akademia, men det verkar som om det er ein akademisk jobb som er folk sin motivasjon når dei tek ein doktorgrad, seier Øyvind Gjerstad, doktorgradskandidat på Det humanistiske fakultet (HF).
Universitet i Bergen (UiB) er klåre på at dei ikkje utdannar forskarar for at alle skal bli verande på universitetet.
– Det er ikkje noko mål at kandidatane skal vere knytte til UiB når dei er ferdige. Per i dag er det kring halvparten som får seg jobb innanfor utdannings- og forskingssektoren og halvparten utanfor, seier Gry Kibsgaard, PhD-koordinator ved UiB.
Professor i tysk, Beatrice Sandberg, fortel at det ikkje har vore lett for kandidatane i tysk å få seg relevant og fast jobb.
– Når mastergradsstudentar som er interesserte i å ta ein doktorgrad kjem til meg for råd, må eg åtvare dei om at dei ikkje kan rekne med nokon fast stilling etter dei er ferdige. Det er ikkje så mange moglegheiter utanfor universitetssektoren. Mange vel likevel å satse i håp om å kunne bruke spesialiseringa si, seier ho.
Kjersti Lea i PhD-kandidatutvalet ved HF meiner universitetet må skape tettare forbindelsar til arbeidslivet for øvrig, for alle fakultet.
– HF er blant dei som har aller minst av dette. Dersom ein ser på kandidatar som får ein jobb utanfor akademia som byggjer på forskarutdanninga deira, er dei fleste utdanna innanfor realfaga og medisin. Dei forskar gjerne på oppdrag for næringslivet under avhandlinga si og får gode kontaktar, seier ho.
Torbjørn Torsvik, viseadministrerande direktør i Bergen Næringsråd, er einig i at HF-kandidatane kan ha problem med å finne jobbar.
– Det er i utgangspunktet minst jobbar for denne typen kompetanse i regionen. Humanistiske utdanningar må også synleggjere kompetansen sin betre. Det er lettare for næringslivet å velje kandidatar frå tydelege fagområde, sier han.
UiB seier dei kjem til å satse meir på karriererettleing framover.
– Til no har vi ikkje hatt noko systematisk karrierefokus for doktorgradskandidatar, men dette er noko vi kjem til å jobbe meir med i framtida, seier Kibsgaard.
Øyvind Gjerstad kjenner fleire kandidatar som no underviser i mellombelse stilingar, og er sjølv tilsett i stillingar på månadleg basis.
– Eg er likevel optimistisk på eigne vegne. Eg har skrive ei tverrfagleg avhandling i fransk og retorikk, så dette er kunnskap som kan nyttast praktisk i ein jobb, til dømes som kommunikasjonsrådgjevar, seier han.
Kibsgaard meiner kandidatane har eit luksusproblem når dei ventar seg fast jobb rett etter endt avhandling.
– Det tek tid å finne seg jobb, uansett kva grad ein har tatt. Det handlar om forventningar og kor tid ein begynner å leite, seier ho.
Kjersti Lea meiner kandidatane må vere aktive og kontakte potensielle arbeidsgjevarar for å lukkast.
– Dette er ein del av det generelle problemet på HF, at verken næringslivet eller offentlege verksemder veit kva kompetanse kandidatane har. Ein bør passe på å ligge ute med ein presentasjon på universitetet sine nettsider, seier ho.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.