Mest aktive brukere »

Nyhet.

Utdannar seg til uvisse

ØNSKJER ARBEIDSERFARING. Nikolai Rypdal Tallaksen og Magnus Haaland vil gjerne ha ei hospiteringsordning hos framtidige arbeidsgjevarar, som til dømes museet. Foto: MARIA BJØRNSEN BOKNEBERG

Arkeologistudentar fryktar at manglande praksis vil gjere det vanskeleg å finne arbeid. Universitetet manglar midlar.

Tekst: VILDE GRIMELID OPPEDAL
Sist oppdatert: 19.01.11 kl. 00.01

Masterstudentar i arkeologi ved Universitetet i Bergen (UiB) fryktar for framtida. Universitetet tilbyr berre eit praksiskurs i løpet av ei femårig utdanning. Arkeologistudentane Nikolai Rypdal Tallaksen og Magnus Haaland meiner mangelen på praksis gjer studentar frå UiB mindre attraktive på arbeidsmarknaden.

– Arbeidsgjevarar etterlyser feltarbeid. Mengda ved UiB i dag er i minste laget, seier dei to.

Utdanninga må styrkast

Fagkoordinator for arkeologistudiet, Knut Andreas Bergsvik, er einig i at det er for lite praksis i utdanninga per i dag.

– Det er eit problem at vi ikkje kan tilby god nok undervisning på feltmetode. For å ha ei fullverdig arkeologisk utdanning må vi ha eit betre tilbod, seier han.

I Hordaland fylkeskommune, som er ein viktig arbeidsgjevar for arkeologar, ser dei på ei brei arkeologisk utdanning som viktig når dei skal tilsette folk.

-Vi ønskjer breiast mogleg kompetanse. For oss er det eit problem dersom vi har mange innleigde folk som ikkje tilsaman har kompetanse på alle felt. Dette betyr likevel ikkje at ein arkeolog må kunne alt innan arkeologien, men vi treng også dei med praktisk kunnskap, seier Jostein Aksdal, arkeolog i fylkeskommunen.

Ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU) får ein tilbod om praksis både på bachelor-nivå og master-nivå. Dette har vore ein styrke for utdanninga der.

– Vi legg vekt på feltarbeid og den praktiske sida ved arkeologi. Ein hel del av våre tidlegare studentar har no fast jobb, og det er imponerande kor mange som har jobb innan arkeologi, seier Lise Bender Jørgensen, professor i arkeologi ved NTNU.

Eit spørsmål om ressursar

Å undervise i feltarbeid er både dyrt og tidkrevjande i forhold til teoretisk undervisning.

– Vi har ikkje moglegheit for å gjennomføre dette per i dag. Studentane treng kunnskap og erfaring med feltmetode, men vi manglar midlar, seier Bergsvik.

Har de vurdert å endre karakterkrava for å ta opp færre studentar og slik få fleire ressursar?

– Det er eit verkemiddel som må vurderast dersom vi ikkje kan gi god nok feltutdanning og kompetanse til studentane, seier han.

Nasjonalt fagråd har prøvd å få gjennomslag hos Kunnskapsdepartementet (KD) for at arkeologien er i ein spesiell situasjon i høve til andre humanistiske fag når det gjeld behov for utdanningsressursar. Så langt har dei ikkje lukkast.

– Vi veit at andre universitet ser det som eit problem at dei ikkje har råd til feltkurs, seier Bender Jørgensen.

Vanskeleg arbeidsmarknad

Studentane Haaland og Rypdal Tallaksen meiner det blir utdanna for mange arkeologistudentar i forhold til arbeidsmarknaden.

– Dette er eit døme på den nasjonale politikken med å ta inn flest mogleg studentar, seier dei.

Det er få faste stillingar innan arkeologien og mange som tek utdanninga får ei framtid med mykje prosjekt- og mellombelse stillingar.

– Utdanningsinstitusjonane kunne ha jobba meir for å synleggjere jobbkompetansen til arkeologane. I tillegg bør universitetet bli flinkare til å synleggjere problematiske sider ved å velje arkeologiyrket, seier Haaland.

Rypdal Tallaksen og Haaland seier studentane også er innforståtte med at det er pengane det står på.

– Det verkar som om det er ein generell ressursmangel på instituttet, seier dei.

KD hadde ikkje høve til å svare på Studvest sine spørsmål på tysdag.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.