Mest aktive brukere »

Nyhet.

Vedtok omdiskutert arbeidsprogram

FRISK DEBATT. Fleire hevda det var frekt av Sosialdemokratane å komme med eit eige utkast til arbeidsprogram, då dei også var med i programkomitéen. Foto: ANDERS HELGERUD

Sosialdemokratane og Raud liste sitt ønskje om eit meir konkret program blei nedstemt på møte i Studentparlamentet.

Tekst: VILDE GRIMELID OPPEDAL
Sist oppdatert: 02.02.11 kl. 00.17

Tysdag vedtok Studentparlamentet ved UiB (SP-UiB) sitt nye arbeidsprogram. Sosialdemokratane og Raud liste meiner programmet er prega av vage prinsipp framfor konkrete tiltak.

— Arbeidsprogrammet fungerer ikkje som eit styringsdokument, slik det skal gjere. Det har for mange saker, og manglar enkeltsaker som vil synleggjere studentpolitikken på universitetet, seier Peter Hatlebakk, leiar for Sosialdemokratane.

– Lite tilgjengeleg

Årets arbeidsprogram er i tillegg også eit politisk prinsipp-program. Dette meiner opposisjonen er lite heldig.

– Eit arbeidsprogram skal vere målrett, fokusert og konkret for å kunne kommunisere med veljarane. Viss ikkje blir det lite tilgjengeleg, sa Hatlebakk under møtet.

Han la òg vekt på at programmet kan bli for omfattande, då Arbeidsutvalet (AU) berre skal sitte eit halvt år denne gongen.

Leiaren for SP-UiB, Tine Blomfeldt, ser ikkje at det er eit problem å legge politiske prinsipp inn i arbeidsprogrammet.

– Grunnen til at vi har eit prinsipp-program er at vi må gi studentpolitikken ein kontinuitet ved at enkelte saker blir vidareførte. Vi hadde også problem med å sette saman to komitéar, og tenkte at det er betre med eitt godt program enn to halvgode, seier ho.

Vil ha konkrete tiltak

Martin Årseth, leiar for Raud liste, stiller seg bak kritikken til Sosialdemokratane. Han meiner det kan bli for lett for AU å la vere å gjennomføre det dei set seg føre.

– Det er vanskeleg å måle kva som faktisk har blitt gjort utan konkrete tiltak som det kan visast til at ein har kome i mål med, seier han.

Blomfeldt meiner det ikkje nødvendigvis er bra om programmet blir for konkret.

— Problemet med konkrete tiltak er at ein då låser seg til saker som seinare gjerne fell vekk. Men det er klart at det må kunne bli målt kva vi har klart å gjennomføre etter ein periode, seier ho.

Kommunikasjonsproblem

Hatlebakk meiner at det vage arbeidsprogrammet vil gjere at studentane ikkje ser kva moglegheiter som ligg i studentpolitikken.

– Studentpolitikken klarer ikkje å kommunisere til studentane at vi faktisk har makt til å påverke kvardagen deira på mange måtar, seier han.

Blomfeldt meiner det viktigaste for Studentparlamentet er å ha kontakt med studentutvala.

– Det er ikkje mogleg for oss å ha kontakt med alle studentane på universitetet. Vi må derfor fokusere på å jobbe godt saman med studentutvala, som igjen har kontakt med studentane, seier ho.

VIKTIGE PUNKT I ARBEIDSPROGRAMMET

SP-UiB skal jobbe for:

  • Å auke valdeltakinga og synleggjere studentparlamentsvalet og universitetsstyrevalet for studentane.
  • Å følgje opp pilotprosjekt med bruk av PC på eksamen og podcast av forelesingar.
  • At UiB fokuserer på energieffektivisering.
  • At alle fakultet tilbyr eit breidt spekter av utvekslingstilbod.
  • Å betre opningstidene og tilgjengelegheita til lese- og datasalane.
  • Å fortsette arbeidet med kravet om 11 månaders studiefinansiering
  • Å fremje reell likestilling ved UiB. Dette krev at kvotering til vitskaplege og administrative stillingar, samt til råd og utval ved Studentparlamentet, ikkje finn stad.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.