Mest aktive brukere »

Nyhet.

Vil ha studentane inn i folketrygda

VIKTIG. – Fadderveka i fjor der ein bergensstudent døydde, og ein annan pådrog seg ryggskadar, viser kor viktig det er for studentar å forsikre seg, meiner Tine Blomfeldt, leiar for Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen. Foto: LINN HELMICH PEDERSEN

NSO tilbyr no ei spesialsydd forsikringspakke for studentar, men kampen sluttar ikkje her.

Tekst: ALICE TEGLE
Sist oppdatert: 02.02.11 kl. 15.47

– Det er supert at NSO gjer noko, men dette må fungere som ei midlertidig løysing. Studentane må inn i Folketrygda, meiner Tine Blomfeldt.

Ho er leiar for Arbeidsutvalet i Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen (SP-UiB). Mandag vedtok dei å støtte Norsk Studentorganisasjon (NSO) si forsikringspakke som tilbyr sjukeforsikring, ulukkesforsikring og livsforsikring.

Saman med ei rekkje andre organisasjonar arbeider SP-UiB for at staten skal finansiera denne forsikringspakka.

Opnar for stønad

Håvard Dretvik er studentrepresentant i Universitetsstyret. Dei går langt i å støtte Studentparlamentet.

– UiB ser det nødvendig å ta tak i denne problemstillinga nettopp fordi ein pålegg studentar å utføre oppgåver under utdanninga som kan vere delvis risikofylte. Derfor ønskjer UiB å staturere eit eksempel, seier Dretvik, som først og fremst er oppteken av å få på plass statleg uføreforsikring.

Torsdag 10. februar blir saka teke opp på styremøte hos Universitetsstyret. Kva som skjer etter det, vil ikkje studentrepresentanten uttale seg om.

Semje om endring

Den natur-vitskaplege organisasjonen Tekna driv lobbyverksemd i stortingskorridorane for å fremje studentane si sak.

– Alle opposisjonspartia set dette opp som merknader til nytt statsbudsjett, og samtlege ungdomsparti støttar opp om ei ny statleg ordning for studentane, seier kommunikasjonsdirektør i Tekna, Tore Westhrin.

Ifølgje advokatar i akademikarforeininga, er prisoverslaget for ein slik forsikringsmodell på 50 millionar kroner.

– For å vere heilt ærleg er det småpengar, så det bør vere muleg å få gjennomført og utbetra. Dersom ungdomspartia tek dette opp på landsstyremøta, kan vi sjå signala allereie i neste statsbudsjett.

Kommunikasjonsdirektør Øyvinn Myge i Kunnskapsdepartementet vil ikkje uttale seg om denne saka spesielt.

DETTE ER SAKA
  • Ein risikerer å ende opp som minstepensjonist dersom ein ikkje har privat forsikring.
  • Studentar er ikkje omfatta av yrkesskadeforsikringslova som vanlege arbeidstakarar, og er heller ikkje omfatta av noko form for ulukke- eller reiseforsikring.
  • Norsk Studentorganisasjon har no forhandla fram ei ordning med sjukeforsikring, ulukkesforsikring og livsforsikring til 1230 kroner.
  • Målet er å få innlemma studentar i Folketrygda, slik at dette blir gratis.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.