Og no, ein limerick frå DERA

Det største partiet på UiB fekk meg både til å gråte og le.

Tekst: Thomas Drageset, 16. kandidat og lyrikk-politisk talsmann for Det Eneste Reelle Alternativ.

Det største partiet på UiB
Fekk meg både til å gråte og le
Sosialdemokratisk liste
Ja, dei vil eg fiste
Og sende deira pølsevev avsted

Sosialdemokratisk liste eg vonar
vedtar sjølvmotsigande resolusjonar
For ein rar politikk
Dei lik ikkje kritikk
Ironiens trone dei tronar

Debattar dei likar å stoppe
og løftar dei likar å droppe
Dei ynskjer viske bort
Alt dei IKKJE har gjort
men demokrati kan man ikkje photoshoppe

Student, kva enn du studerer
Enten du les, spis eller onanerer
«Sos-dem, kva skjera?»
Nok bullshit, stem DERA!
Og sjå kor bra vi presterer