Kjensla av slangeskinn mot nakken er ulikt alt anna eg har kjend tidlegare. Litt som ein gummileike, berre hardare og med skjellete overflate. Den 35 kg tunge og 3,5 meter lange tigerpytonen er roleg i rørslene, og sig langsomt opp og ned – utforskar og luktar med den kløyvde tunga si. Krøllar seg rundt ein fot og ein arm. Hovudet er berre nokre centimeter frå mitt eiget. Med ei blanding av frykt og respekt er eg ein augneblink i eitt med dette mektige reptilet.
Dette som for meg er ei oppleving for livet, er berre ein vanleg dag på jobben for dyrepassar Joachim Ekeli på Akvariet i Bergen. Studvest har fått vere med som dyrepassarar for ein dag på tropisk avdeling, for å ta del i dei mildt sagt ekstraordinære arbeidsoppgåvene ein slik jobb inneber.
– Det er utvilsamt ein gutedraum å få jobbe med desse utrulege dyra, bekreftar Ekeli.
Dvergkaimanen Doffen, ei av mange krokodiller på Akvariet, kjem sigande bort til nettingen for å helse på når vi går forbi. Det er tydeleg at han gjenkjenner stemma til matfar Joachim. Den betyr mat. Diverre for Doffen er det ikkje tid for mat no. Dagens første oppgåve er å skru på lys og UV-lampar inne på krokodilleutstillinga, og kontrollere at dørene på innhegningane er forsvarleg låste. Etter at artsfrenden til Doffen, Taggen, vart krokodillenappa tidlegare i år har tryggleiken stått i sentrum for å unngå at det skal kunne skje igjen.
I bur etter bur sit det krokodiller i alle fasongar og storleikar. Akvariet er aktive i bevaringa av utrydningstruga krokodilleartar, og har inne ei utstilling med 15 av dei 23 artane som finst i verda. Ved første augekast ser dei ut som plastleiker, der dei ligg aldeles urørleg. Men auget bedrar. Samtlege av dei tilsynelatande harmoniske dyra hadde knaska i seg ein finger eller to, og kanskje meir, om det hadde kome innan rekkjevidde.
– Ei krokodille kan sjå ut som den ikkje følgjer med, men tru meg – det gjer den.
Vi vel å ta Ekeli på ordet. Han har hatt nærkontakt med desse dyra i fleire år og veit korleis dei ter seg, både på godt og vondt.
– Hei, Siri! Vil du ha litt frukost?
Den vesle silkeapa er frå seg av gjensynsglede når Ekeli kjem gåande. Vi har forflytta oss ned ein etasje, der resten av dei eksotiske dyra held hus. I handa har Ekeli ein boks med larvar – skikkeleg snadder. Han opnar burdøra og held fram ein saftig larve. Silkeapa snappar den til seg og hoppar til øvste grein, der ho bit hovudet av larven og smattar det høglydt i seg. Iguanen som bur i same buret kjem vraltande og stiller seg opp for å få kos. Ekeli klør den under haka, og den lukkar auga i reint velvære.
Siri og iguanen er i likheit med storparten av dyra på denne avdelinga beslaglagd i ein politirazzia. Problemet med ulovlege dyr er utbreidd. Skilpaddar, slangar, øgler og ei og anna krokodille dukkar ofte opp når politiet raidar utpeikte leiligheter – ofte i forbindelse med narkotikakriminalitet.
– Vi har ikkje sett toppen av isfjellet ein gong. Ofte får vi inn så mange dyr at vi ikkje kan ta hand om dei. Dersom vi ikkje finn stader som er egna til å ta dei i mot, må dei sendast til avliving. Det er den største dritjobben, fortel Ekeli.
Etter ein runde med spylarslangen i bura, for å auke luftfuktigheita, og innsamling av matskåler, er det tide å pakke opp dagens forsendingar som har kome levert på døra.
– Her, opne denne.
Ekeli gir oss ei forsegla pappkasse og ein kniv. Underteikna gyv laus på kassa med entusiasme, opnar den forsiktig opp – og får ei siriss midt i synet. Og den er ikkje åleine. Hundrevis av sirissar kjempar for å kome seg opp og ut av pappkassa. Eg slengjer igjen lokket. Dette er slett ikkje kva ein kan forvente å få tilsendt i posten. Eg tør ikkje tenkje på kva som befinn seg i dei andre kassene.
Neste kasse viser seg ved første augekast berre å vere halvfull med jord, heilt til Ekeli rotar litt i den mørke massen. Plutseleg aular det av store, tjukke larvar. Psopobas-larvar. I tusental. Fotografen gjev frå seg ein lyd som kan indikere at dette ikkje er eit favorittdyr. Eg får med skrekkblanda fryd hjelpe til med å sile larvane frå jorda og ha dei over i egna oppbevaring. Det må jo berre vere i ei slik setting at maten er minst like fascinerande som dei som skal ete den.
Apropos mat. I dag er det foringstid for tigerpytonane. Det har vore godt over ei veke sidan sist. Desse dyra er vekselvarme, og brukar difor lite energi på å halde seg varme. Då treng dei heller ikkje å ete så ofte. Ein tigerpyton kan klare seg med eitt måltid i året.
Vi har allereie vore ein tur i fryselageret og henta opp middagen. Frosne rotter, kaninar og marsvin avla for dette formålet i Sverige står på menyen. Dandert pent og pynteleg i porsjonsposar, og med serveringstips trykt på framsida – serverast i kroppsvarm tilstand. Fint skal det vere.
– Det er forbausande få som reagerer på at vi forar med «ekte» dyr. Det kan tyde på at mange skjønar at det faktisk er sånn maten ser ut i si opprinnelege form.
Av tryggleiksmessige orsakar vert slangane alltid mata utanfor buret, i store boksar på golvet. Dei bør ikkje assosiere handtering i buret med mat. Det kan få mildt sagt uheldige konsekvensar for dyrepassarane. Sjølv om desse mektige dyra ikkje er store nok til å kunne ete eit heilt menneske kan dei bite hardt, og påføre store skader.
Etter ein liten «forrett», er det min tur til å få prøve meg som servitør. Etter nøye instruks tek eg opp ei rotte etter halen og senkar den sakte ned i boksen. Ved å riste litt på rotta, simulerer ein rørsla til ei levande rotte, og slangen oppfattar straks signala. Den kjem sigande mot byttet, stoppar opp eit lite sekund – før den skyt fram og kveilar seg rundt rotta.
I staden for å sleppe taket, har eg fått beskjed om å kjempe i mot. På denne måten får slangen brukt instinkta sine om å kvele byttet sitt til døde. Stor pytonslange og vettskremd journalist i ein augneblinks drakamp om ei daud rotte. Det som vanlegvis kunne ha vore nokon sitt kjæledyr, har no fått som oppgåve å halde svolten på avstand for pytonslangen ei veke til.
Eg er glad eg ikkje er ein liten gnagar.
Bildetekst:
GODT SKULERT. Om denne unge kornsnoken fordjupar seg i avisa den bur i, er uvisst.
BOA. Dette er ingen fjærboa. Ein vert lett nervøs med 35 kilo musklar rundt halsen.
APEFRUKOST. Dyrepassar Joachim Ekeli sørgjer for at alle får den maten dei skal ha.
SCHNAPPI. Den amerikanske alligatoren Schnappi er ikkje tørst, men svolten. Det er faktisk snart ei veke sidan siste porsjon kanin.
IGUANKOS. Iguanar er litt som hundar - strekk på halsen og lukkar augene når dei vert klødde under haka.
SKREKKBLANDA FRYD: Larvar er ekle, men fascinerande. Og så kitlar dei godt i nevane.