«Saman» for nynorsken?

LESARINNLEGG: «Sammen» bør bruke nynorsknamnet også i Bergen!

Publisert Sist oppdatert

Dette er et innsendt innlegg. Innlegget gir uttrykk for forfatterens egne meninger.

Debatt

Ønsker du å skrive et leserinnlegg i Studvest? Send inn til debatt@studvest.no.

Før sumaren vart det kjend at SiB skulle byta namn og byrja å profilera seg som «Sammen». Dei gjekk saman med studentsamskipnadane i Sogndal/Førde og i Stord/Haugesund for å laga ein ny stor studentsamskipnad.

Ein studentsamskipnad som skal famna om studentar på heile Vestlandet kunne sjølvsagt ikkje kalla seg Studentsamskipnaden i Bergen. Sjølv om det vart diskutert å halda på SiB-namnet, vart heldigvis konklusjonen ein annan – SiB var ikkje eit namn som ville famna breitt nok. Det er ekstra viktig å ta vare på mindretala i Sogn og Fjordane, i Sunnhordaland og på Haugalandet, nettopp fordi me som studerer i Bergen er eit stort fleirtal og difor aldri vil måtte kjenna oss gløymd.

Den nye studentsamskipnaden måtte i staden finna eit namn som kunne samla alle studentane. Eit namn som gjorde slik at ingen trong kjenna seg ignorert og oversett. Likevel er det mange studentar som gjer nett det. «Sammen» er ikkje eit namn som verkar samlande for oss som skriv nynorsk.

I Sogndal og i Førde skal studentsamskipnaden kalla seg «Saman» og halda fram med å bruka nynorsk. Det er sjølvsagt kjempebra for nynorskbrukande studentar i Sogn og Fjordane, men dei utgjer jo berre eit lite mindretal av alle nynorskbrukande studentar. Fleirtalet av studentane, også av nynorskstudentane, studerer i Bergen.

På Universitetet i Bergen skriv kring 12% av studentane nynorsk. Det er nær 2000 studentar. Med dette er UiB universitetet med flest nynorskskrivande studentar, både i prosent og i absolutte tal. I tillegg til alle desse er det nær like mange som hadde nynorsk i grunnskulen, men som sidan har byta skriftspråk – med meir nynorsk kring seg, ville fleire lettare kunne halda på sitt eige språk.

Det er ikkje urimeleg å tru at ein har ein liknande andel nynorskbrukarar ved dei andre utdanningsinstitusjonane i Bergen. Det vil seia at ein har fleire tusen nynorskbrukarar i Bergen som opplever ein studentsamskipnad som berre skriv bokmål og som skal profilera seg med eit bokmålsnamn.

Dette er difor ei oppmoding til studentsamskipnden om å hugsa på også nynorskbrukarane. For det fyrste bør «Saman» sleppa til i Bergen, å berre halda seg med eit bokmålsnamn gjer seg ikkje for den studentbyen i Noreg som har flest nynorskstudentar. For det andre bør «Saman» byrja å bruka meir nynorsk, av respekt for dei mange nynorskstudentane, og språket deira. For å få til det bør «Saman» utarbeida ein målbruksplan. Erfaring viser nemleg at utan ein systematisk plan for språkbruk, er det veldig ofte nynorsken – og nynorskbrukarane – som vert gløymd.

Powered by Labrador CMS