Slik kjem nye artistar seg på scena

Tøfl, Kvarteret, THT_0058

IKKJE LETT. Stavangerbandet TØFL er eit av dei ferske banda som jobbar hardt for å komme seg på scena i Bergen. FOTO: TORE HAUKE THIESEN

Det er vanskeleg å få scenetid, men studentscena kan gi ein moglegheit til ferske band, meiner studentbandet TØFL.

Blant studentorganisasjonane i Bergen er det fleire som gir ferske artistar drahjelp ved å skaffe dei ei scene å spele på. Hulen har Torsdagsrock, og Realistforeningen (RF) har Up & Coming, der dei fokuserar på ferske artistar.

– Livsviktige 

Bookingansvarlig i Aktive Studenters Forening (ASF) er tydeleg på at studentforeningane er viktige for nye artistar.

– I alle fall her i Bergen. Det er studentane som går på konsert. Mange av artistane er jo studentar, så det er lettare å nå ut til dei. Men definitivt. Studentorganisasjonane og dei frivillige organisasjonane i Bergen er livsviktige for at dei skal komme seg på scena, seier Elisabeth Valerie Hauge.

Ho meiner at det kan vere for mykje fokus på dei samme sjangrane i det som blir gjort for ferske artistar.

– Eg føler det er veldig mykje av det samme, så det me tenker på er å prøve å skille oss litt ut og ha meir fokus på enkelte ting.

ASF har ingen konsept som fokuserar spesifikt på ferske artistar akkurat no, men Hauge fortel at det er noko dei jobbar med. Dei vil derimot finne noko som er endå litt meir spesifikt.

– Me er ikkje heilt sikker på om det blir fokus på kvinner som er up & coming, eller fokus på indie-sjangeren. Me må skilla oss litt ut. Det er i alle fall noko me tenker på, fortel ho.

For å få spelejobbar lettare er det veldig lurt å ha musikk ute, slik at folk kan oppdage deg, og du ikkje må gå til kvar enkelt person.

Thomas Campe Pettersen, gitarist i TØFL
Hjelp kvarandre

Johannes Höghäll Johnsson i bookinggruppa til RF fortel at dei rettar seg mot ferske artistar med konseptet Up & Coming.

–  Der tilbyr me scener for unge artistar og band å spele på gratis, men betalar heller ikkje dei noko. Så har me fri inngang på dei konsertane slik at flest mogleg skal få med seg den spennandes nye musikken, seier han.

Han tykkjer dette er eit godt tilbod for artistane, men at RF kanskje sjølv kan jobbe meir med å bli meir synlege for å nå ut til fleire.

Höghäll Johnsson meiner at «avhengig» blir eit litt for sterkt uttrykk når han blir spurt om dei ferske artistane treng studentorganisasjonane.

– Sånn eg ser det hjelp me kvarandre. Dei hjelp oss med å få til eit knusegodt konserttilbod, me hjelp dei med å bli litt meir synlege, og at dei skal få ei scene å presentere seg sjølv på. Det å finne ein stad å ha dei aller første konsertane på er ikkje enkelt, seier Johannes Höghäll Johnsson i Realistforeningen si bookinggruppe.

Det er studentane som går på konsert. Mange av artistane er jo studentar, så det er lettare å nå ut til dei.

Elisabeth Valerie Hauge, bookingansvarlig i Aktive Studenters Forening
Tøfl, Kvarteret, THT_0023

TØFLAR SEG. Studentbandet TØFL brukar sosiale medier mykje for å nå ut til folk, men er også avhengig av ei scene å spele på. FOTO: TORE HAUKE THIESEN.

Lettare der ein kjenner folk

Trommespelaren Mathias Eeg i det relativt ferske bandet TØFL, fortel at dei gjer ein del sjølvpromotering for å få spelejobbar.

– Me skriv mange mailar og sender ut til alle, basically.

– For å få spelejobbar lettare er det veldig lurt å ha musikk ute, slik at folk kan oppdage deg, og du ikkje må gå til kvar enkelt person, seier gitarist Thomas Campe Pettersen.

Han kan fortelje at bandet sjølv tok kontakt med ASF for å få spelejobb, noko dei fekk på Teglverket førre fredag. Dei har óg fått spelejobb gjennom RF, og meiner at det hjelp med studentorganisasjonar som sørger for at band kjem seg på scena.

Alle medlemmane i bandet TØFL er eigentleg frå Stavanger, men no studerar tre av fem medlemmar i Bergen, og dei prøver å få fleire spelejobbar her. Dei meiner det gjer det vanskelegare å komme seg på scena når dei kjem frå ein anna by, og trekk først og fremst fram det at det er lettare i Stavanger der dei kjenner folk.

– Kva gjer de for å promotere dykk sjølve?

– GIFs, skyt det frå fleire av bandmedlemnane samtidig.

Bandet fortel at dei er aktive på sosiale medier for å nå ut til publikum. Når medlemmane som fortsatt bur i Stavanger kjem til Bergen på øving, sørgar dei for å filme og tulle litt.