Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 24/07 Kl. 14:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

HARDE TAK. Bergen til venstre, medan Oslo vil til høgre. Linjedommaren følgjer hjelpelaust med. FOTO: GUNNAR SØRÅS

Ekte gentlemen


 

FORNUFTIG. Rugby er kanskje ikkje så farleg som mange trur, men hovudvern er greitt å ha. FOTO: GUNNAR SØRÅS
RUGBY
Dame- og herrelag.

To klubbar i Bergen som trenar saman:

BSI Rugby
www.bsi.no/rugby

Bergen Rugbyklubb
www.rugby.no/bergen

Herrelaget til Bergen Rugbyklubb er i Europa-cup.

2-3 treningar pr. veke.

STUDVEST FØLGER TEMAET:
SPORT
Gløym knekte bein og knuste tenner. Rugby er ein sport for gentlemen.

Tekst: ERLEND AASEN GLOPPESTAD

Det er Bergen mot Oslo, ex-hovudstad mot hovudstad. Vest mot aust. Det er byen som i følgje seg sjølv ønskjer å bli eige land, mot Tigerstaden som i følgje Lars Lillo Stenberg er ein eigen planet. I NM-finale i rugby. Luktar det svidd? Det gjorde det etter bataljen på Fana stadion laurdag. Eit 2x40 minutts langt inferno av kamikazetaklingar og hovudrystande nedsablingar som på gata fort kunne ført til 21 år bak lås og slå.

KNUSTE MYTER

– Rugby er ein gentlemanssport, kjem det frå Christan Dahl.

Byggingeniørstudenten ved Høgskulen i Bergen spelar på Bergen Rugbyklubb og har nettopp vore med på laget sin andre strake NM-siger. Han putta atpåtil Bergen si siste scoring i 18-7 sigeren. Myta om at rugbyspelarar er på størrelse med lastebilar, har basstemme som eksospotta på ein sektitals Chevrolet og temperament som lemen er knust til pinneved og sagflis. Christian Dahl er ikkje så stor. Han er ikkje liten, men det finst større og kraftigare spelarar i norsk 4. divisjonshandball.

– Om du er spinkel eller kraftig spelar ingen rolle. Det er alltid ein ledig plass på laget, seier Dahl.

BLØDANDE HENDER

Kva så med skadar? Ein mann på seksti kilo spring mot ein motstandar på hundreogti.

– Så lenge ein har lært litt teknikk så skjer det sjeldan alvorlege skadar. Men i min første kamp for tre år sidan braut eg kragebeinet, ler målscoraren.

Det fekk han merkeleg nok ikkje på betre tankar. Rugbyen var komen for å bli.

– Eg likar å prøve nye ting og det fysiske i rugby vekte mi interesse. Det er kjekt og spennande å få seg ein smell, smiler han med blødande hand.

Han ser opp på underteikna og legg til.

– Men litt kutt og sår blir det.

FEIGE VIKINGAR

Likevel skal altså dette vere ein gentlemanssport. Det håpar han nordmenn snart oppdagar. Rugbymiljøet i Bergen slit med få fatt i spelarar, og ikkje minst med å få nordmenn på medlemslistene. Bergen Rugbyklubb ber preg av å vere ein svært internasjonal klubb. Brorparten av utøvarane er utlendingar frå store rugbynasjonar som Sør-Afrika, Australia og Storbritannia. Praten går på engelsk. Kanskje vikingane er for feige?

– Vi har forsøkt i fleire år å rekruttere folk, men det er ikkje lett, innrømmer nordmannen. No ønskjer Christian Dahl at fleire tek sjansen og hoppar i det.

FIENDAR BLIR VENER

Rugby er nemleg ein svært sosial sport.

– Undervegs er vi fiendar, men med ein gong dommaren bles av kampen er vi vener igjen, smiler Dahl.

Vinnarane gratulerer taparane med sølvet og omvendt. Begge lag sine kapteinar framfører takketaler for ein god og spennande kamp. Det same gjer dommaren. Etterpå skal krigen feirast. Vinnarar og taparar side om side. Som ekte gentlemen.

– Festen er ein viktig del av oppgjeret det og, gliser NM-vinnar Christian Dahl. Ei brun bergensk-britisk kneipe glinsar i det fjerne.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE FRA SPORTEN