Det er fredag ettermiddag, og for mange har helga allereie begynt. Men for nokre ventar to timar med hoftevrikk og salsamusikk. For min eigen del er eg spent på om eg har god nok rytmesans, eller om dette vil bli ei pinleg affære frå A til Å.
Utanfor salen møter eg sjukepleiarstudent Monica Hannaas og elektronikkstudent Mette Ingeborg Aarrestad. Ingen av dei har prøvd Zumba før, og eg kjenner det er godt at vi er fleire i same situasjon.
– Eg vurderer å kjøpe DVD-en, det er jo greitt å få trent heime òg. Men eg vil prøve timane gjennom SiB først, for å sjå om det er noko eg kan halde på med sjølv, seier Mette Ingeborg.
– Eg har ikkje plass til heimetrening. Og så likar eg å ha ein instruktør som pressar meg gjennom treninga, seier Monica.
Vi slepp inn i salen, og idet musikken startar tenkjer eg tilbake på kva ein av instruktørane, Linn Eidsvik, sa til meg tidlegare på dagen.
– Vi kjem til å vise oss litt fram i kveld, og det blir nok ikkje det enklaste programmet, fortel ho.
Ho ser mitt bekymra blikk og held fram:
– Men så lenge ein har det kjekt, og beveger seg til musikken, har ein kome langt. Det er jo det som er greia med Zumba, ein treng ikkje gjere alt rett.
Ho er engasjert, og fortel fort og mykje om kor ho gler seg til kveldens time. Det vil vere fem instruktørar til stades, og ho meiner at dei er klare som nokre egg heile gjengen.
Hennar tips til deltakarane i kveld er å berre ha det moro og la seg rive med.
– Syns ein musikk og dans er gøy, vil ein like Zumba, seier Linn.
Og her står vi. Klare som egg.
I løpet av timane rullerer instruktørane på å ha styringa, den eine med meir heftige vrikk enn den andre. Eg fokuserer på at ein ikkje treng å gjere alt rett, men heller ha det moro. Og eg har det moro. Veldig moro, og eg blir sliten. Frå salen blir bevegelsane positivt applaudert og plystra etter. Den glade salsamusikken smittar fort over på oss deltakarar.
To timar fyk avgarde, og eg lurer på kor tida blei av. Eg finn igjen sjukepleiaren og elektrikaren.
– Det var gøy, og vi hang godt med. Den eine dansen, sambaen, sa dei på førehand at var vanskeleg, og der sleit vi litt, seier Mette Ingeborg.
– Dei dansane som var lette var kjekkast fordi ein fekk det til og blei sliten. Og så er det kjekt med ulike rytmer fordi treninga blir variert, meiner Monica.
Kjem de til å gå igjen?
– Absolutt. Vi kan jo ikkje gi opp på første forsøk, seier Monica.
Linn er eit einaste stort smil etter timen, og det er nesten unødvendig å spørje korleis ho syns det gjekk.
– Dette var kjempebra! Eg vil tippe på at det var rundt 80 personar i salen, så vi er kjempefornøgd. Likte du det?
– Joda , eg hang med så godt eg kunne. Kva var spesielt kjekt med timen?
– Knallbra stemning! Med fem instruktørar blir vi litt opptatt av oss, og å passe på rekkefølgja og slikt, men likevel kosa eg meg. No gler eg meg til søndag og timen min då.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.