– Studentar drikk meir enn andre

Drinking_MD_01

BEVISSTHEIT. Leiar i Lykkepromille Ingvill Skjold-Thorkildsen ønskjer meir bevisstheit rundt effektane av alkohol blant studentar. FOTO: MARIE DE.

Studentars forhold til alkohol vart grundig diskutert under Lykkepromilles fagdag.

Prosjekt Lykkepromille

* Eit prosjekt med mål om å redusere dei negative konsekvensane av alkohol i studentmiljøet.

* «Lykkepromille» refererer til den oppkvikkande rusen som gjer at du føler deg lettare til sinns og at samtalar flyt lettare. Denne får dei fleste med ein promille på 0,5 – 1.

* Lykkepromille sprer informasjon og kunnskap, oppmuntrar til bevisstheit og debatt, og inviterer til samarbeid.

*  Prosjektet er finansiert av Helsedirektoratet og forankra i eit fagleg samarbeid med Kompetansesenter rus (KoRus).

– Dei aller fleste studentar har eit forhold til alkohol. Sjølv dei som ikkje drikk har det, fordi dei er i berøring med andre mennesker som drikk, seier Ingvill Skjold-Thorkildsen.

Ho er prosjektleiar for Lykkepromille i Bergen, som på torsdag arrangerte fagdag for å snakke om studentars alkoholforbruk. 

På fest med Immaturus

For å illustrere problemstillinga, hadde studentteateret Immaturus laga eit skodespel på bestilling for fagdagen. Her får me sjå fire unge personar si oppleving frå forbereding til fest til dei vaknar neste dag. Skodespelet viser korleis forskjellige personar har forskjellige vanar og reagerer ulikt på alkohol. Det er ei relaterbar forteljing for dei fleste studentar.

Teatersjef for Immaturus, Maja Bergebakken Sundt, skreiv sjølv manuset over juleferien. Ho berømmer regissøren og dei innvolverte i forestillinga, som ho fortel har blitt gjort på ein månad.

– Eg syns det er veldig spennandes å bruke Immaturus og bruke studentar sine eigne forteljingar og vikle det inn i ein kunstnerisk form. Det gir ei forståing for at ting er komplekst, seier Skjold-Thorkildsen.

– Manuset er veldig opp til regissøren. Det var ingen scenebeskrivelsar, karakternamn eller kjønn, berre replikkar i ei rekkefølje. Så regissør May Emilie Ramdal har gjort ein utruleg bra jobb saman med ensemblet sitt, fortel Sundt.

Lykkepromille henta inn to forskarar til å snakke på fagdagen. Ragnhild Bø, som er forskar i nevropsykologi ved Universitetet i Oslo (UiO), haldt foredrag om kva fylla gjer med hjernen, og kvifor folk fortsett å drikke, utan å lære av sine feil.

Når ein ser masse alkoholrelatert innhald, kan det hende ein tenkjer at andre drikk meir enn ein sjølv.

Eilin Erevik
Forskar på alkohol og sosiale medier

Eilin Erevik fra Universitetet i Bergen (UiB) forskar på alkoholbruk og sosiale medier. I forskinga si ser ho på bruk av Snapchat, Instagram og Facebook.

– Eg skal sjå på det med å dele festrelatert innhold og det å sjå andre sine festbilder, om det påverkar korleis me drikk.

Drinking_MD_04

FORSKAR. Eilin Erevik jobbar med doktorgrad om alkohol og sosiale medier. FOTO: MARIE DE

Ho rådar folk til å vere bevisste både på kva dei sjølv deler, og kva dei ser på sosiale medier.

– Når ein ser masse alkoholrelatert innhald på sosiale medier, kan det hende ein tenkjer at andre drikk meir enn ein sjølv. 

Ho fortel at det føreligg forskning som viser at studentar drikk meir enn andre på samme alder.

– Forskningen seier at ein er i ein situasjon der ein ikkje har ansvar for andre enn seg sjølv, og ein er ung og kanskje nettopp har flytta heimanfrå, seier ho.

Endring gjennom bevisstheit

Skjold-Thorkildsen fortel at Lykkepromille ikkje har spesielt fokus på nokon ende av skalaen når det gjeld alkoholforbruk.

– Me har ikkje så mykje oppmerksomheit på den ekstreme enden av skalaen som går på misbruk, og me har heller ikkje mykje oppmerksomhet på avhold. Me held oss der dei fleste er, og prøver å snakke om det normale konsumet og dei positive og negative effektane av det, seier ho.

– Lykkepromille er jo eit prosjekt som er ute etter å skape bevisstheit, men det er jo óg fordi me tenkjer at den bevisstheita skal skape ei positiv endring.