Studentpolitisk laurdagsfest

SP Helhus_JJE_10

MEIR SYNLEG. - Vi prøver å skape ein sosial arena rundt Studentparlamentet, seier Magnus Nygaard, leiar for promoteringskomiteen. FOTO: Jonas J. Eian

Studentparlamentet ved UiB blir kulturelle for å nå ut til massane. 11. april arrangerar dei Helhus på Kvarteret.

I slutten av april er det val til Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen (SP-UiB), og no skal promoteringskomiteen til SP-UiB prøve å få studentane til å få augene opp for den politiske sida av studentlivet. Tidlegare har det vore låg valoppslutning.

– Det har vore ei oppfatning om at studentparlamentet ikkje har vore synlege nok. Dette vil vi prøve å gjere noko med, seier Magnus Brekke Nygaard, leiar for promoteringskomiteen til SP-UiB og medlem av Arbeidsutvalet.

Politisk engasjement

I fjor var valdeltakinga på UiB på 18,1 prosent, i 2013 låg den på 19,12. No ynskjer komiteen å setje fokus på politisk engasjement med å arrangere Helhus på Kvarteret.

– Helhus vil vere ein måte å minimere avstanden mellom Studentparlamentet og studentane. På den måten håpar vi óg på auka valoppslutning. Vi vil få til eit arrangement som ikkje berre er politisk, men også sosialt. Studentpolitikk kan vere kjekt, seier Nygaard.

I nokre timar fyrst på kvelden blir det stands, der dei ulike listene kan få presentere seg sjølv. Men det blir kanskje meir politikk i løpet av kvelden.

– Det blir kanskje debatt med tema som angår valet. Vi har óg hatt ein ide om at kommunevalet kan vere eit tema for debatt, seier Nygaard.

Resten av programmet er heller ikkje spikra, men dei har planar om føredrag om Leninhøgda, quiz, debatt og konsert. Amnesty Student Bergen skal vise film om studenengasjement i andre land.

Kostar pengar

I statuttane til promoteringskomiteen står det at dei berre skal ha arrangement som er gratis og opne for alle. Difor måtte inngangspengane på 50 kroner til Helhuset godkjennast av SP-UiB.

– Vi må sørge for at vi har økonomi til å gjennomføre arrangementet. Men det er ikkje noko poeng for oss å gå med overskot. Då budsjetterar vi heller med underskot, seier Nygaard, og legg til:

– Det er ikkje sikkert vi kjem til å ta inngangspengar, og heller ikkje sikkert det blir 50 kroner, seier Nygaard.

Høgskulen kjem med

SP-UiB har invitert med Studentparlamentet ved Høyskolen i Bergen (SP-HiB) på Helhuset. HiB har ikkje det same valsystemet som UiB, fortel Marius Eidem, organisatorisk nestleder i SP-HiB.

– Vi har den beste valdeltakinga i landet, med unntak av NHH. Vi har personval og ikkje listeval, og er såleis er meir avhengige av kva kandidatane gjer sjølve. Men det er flott med eit arrangement med fokus på studentdemokrati, og det er kjekt å gjere ting med SP-UiB, seier han.

Føredrag- og debattarrangøren Studentersamfunnet er ikkje med på Studentval-Helhuset. Nygaard fortel at dei vurderte å samarbeide med dei, men ville heller prøve å gjere det sjølv. Leiar i Studentersamfunnet, Thea Marie Valler, meiner SP-UiB sitt Helhus er eit positivt bidrag.

– Det er hyggeleg at dei skal arrangere Helhus, det er positivt for dei å synast meir. Men det krev mange ressursar, sier Valler.