Studentradioen med celebre gjester på Festspill-sending

DSC_7575_torilapelthun

A-HA-OPPLEVING. Festspill-leiar fekk Studentradio-programleiarane til å trekke på smilebåndet under torsdagens live-sending. FOTO: TORIL SUNDE APELTHUN

Studentradioen i Bergen (SRiB) har daglege live-sendingar frå Festspillene i Bergen. Første dag fekk dei Festspill-leiar Magne Furuholmen i det morosame hjørnet.

I samarbeid med Festspillene i Bergen (FiB), sender Studentradioen programmet Sommertoner klokka 11.00 til 13.00 live frå Ole Bulls Plass kvar dag under Festspillene. samfunnsredaktør i radioen, Daniel Instebø, fortel at dette er ei ny oppleving for mange av dei involverte.

– Eg trur dette er ein mykje større happening for våre medarbeidarar enn det å vere i studio. Her får me eksponert oss litt. Me får direkte respons frå dei som går rundt og høyrer på, seier han.

Furuholmen on fire

Blant gjestane på Studentradioens første dag på Festspillene var Magne Furuholmen, kjend blant anna frå bandet a-ha. Han er leiar av Festspillene, og Instebø er godt fornøgd med å ha fått ham i programmet.

– Me har eit godt samarbeid med FiB. Me ytra eit ønskje om å få han hit på vår åpningsdag, og det har FiB jobba hardt for. Det var eit ønske dei etterkom, seier Instebø.

Furuholmen var i det morosame hjørnet under intervjuet sitt med Studentradioen.

– Eg har fått nokre a-ha-opplevingar, sa han då han blei spurt om han opplevde å bli «starstruck» i møte med nokon av artistane på Festspillene, til allmenn fliring frå både publikum og programleiarar.

DSC_7606_torilapelthun

MOROSAMT LIVE. Daniel Instebø (t.h), samfunnsredaktør i Bergen Studentradio, og programleiar Joachim Cristian Barth synest det er stas å ha live-sending frå Torgallmenningen. FOTO: TORIL SUNDE APELTHUN

Ein av dagens programleiarar, Joachim Christian Barth, er til vanleg programleiar i Offside, som han fortel er eit førehandsprodusert program.

– Her må me putte oss sjølv litt ut der, me må køyre på uansett kva som skjer. Det er ekstremt god trening og det er kjempegøy.

– Eg er litt glad i den kriblinga i magen som ein får ved livesending. Då har du større moglegheit til å tulle vekk eventuelle feil, og det er noko av sjarmen med det, seier Barth.

– Bredt spekter av gjestar

Blant dei kommande gjestane på Sommertoner er Forde Grytten, Silja Sol, dePresno, og Bugge Wesseltoft, kan Instebø fortelje. Men dei vil òg vise andre sider av byen, og få med folk som har viktige stemmer i samfunnsdebatten.

– Me får besøk av Thomas Anthun Nielsen, som er stand-up komikar og ansvarleg redaktør i Megafon. Med han skal me snakke om dei narkomane sin plass i bybildet etter at Nygårdsparken vart stengd.

Betre plassering

Dette er andre året Studentradioen har eit samarbeid med Festspillene. I fjor var dei plassert på Festplassen. Instebø fortel at han er meir fornøgd med årets plassering ved Torgallmenningen.

– Det er greit at me er der det skjer. Me merkar er at me er i kjerna av Bergen. Det går folk rundt overalt. Det einaste me kan håpe på er betre vèr.

Programleiar Barth er usikker på kva han gjer annleis utanfor studio, men meiner det er bra med publikum.

–  Eg er veldig fan av god energi på radio. Så lenge du har energi og brukar stemma di rett, så er publikum med. Her har du større moglegheit til å sjå reaksjonane. Om du ser nokon stoppar blir du gira, og brukar den energien vidare

Instebø er fornøgd med publikumsoppmøtet på deira første dag.

– Dei har trossa Bergensvèret. Me såg det kom litt folk, så me satte opp eit ekstra telt til publikum. Eg er veldig fornøgd med at det var ein del som såg og hørte på.