Valentinsdagen: Difor er vi single

valentines03_LHP-1

ARKIVFOTO: LINN HELMICH PEDERSEN

Valentinesdagen er eit spel for parforhold. Og det er ikkje lett å vinne.

TEKST AV: Jean-Marc Tshona, sammenlignende politikk-student ved UiB. FOTO: PRIVAT

TEKST AV: Jean-Marc Tshona, sammenlignende politikk-student ved UiB. FOTO: PRIVAT

Eitt av privilegia ved å vere student er at ein ofte har ei unnskyldning for å vere singel. Og det er ikkje så rart, for studentlivet i seg sjølv betyr at ein allereie er forplikta til pensumbøker, Grandiosa pizza, First Price produkt og, ikkje minst, kollektivet-loven: Han eller ho som får seg dame eller mann, flyttar ut.

Så kjem valentinsdagen. Singeltilværet blir plutseleg ein deprimerande tanke. Og det siste oss single treng er ein dag som nok ein gong bekreftar at ein er singel. Beskjeden frå samlivsekspertane til oss single er enkel: hald deg vekk frå Facebook, Tinder, Happn og andre sosiale medium på denne dagen. Det kan godt stemme. Men er vi single eigentleg valentinsdagen sine taparar?

Valentinsdagen bringer sjølvsagt med seg mykje positivt. Dagen gir dei romantiske medstudentane våre ei moglegheit til å bedømme sine utkåredes forpliktingsnivå i parforholdet. Eller i det minste moglegheita til å investere i gåver for å signalisere om ein er forplikta til sin partnar. Berre i Noreg kan dagen generere ein total omsetnad på omlag 300 millionar kroner. I alle fall for den delen av handelsnæringa som driv restaurantar, blomsterforretning og som sel sjokolade. Og det er bra. For ein slik sum kan like godt fortelje oss noko om stemninga til forbrukarane og den generelle tilstanden i økonomien elles.

TEKST AV: John Tresor Mukaya, samfunnsøkonomistudent ved UiB. FOTO: LENE RISHOLT THORBJØRNSEN

TEKST AV: John Tresor Mukaya, samfunnsøkonomistudent ved UiB. FOTO: LENE RISHOLT THORBJØRNSEN

På ei anna side, er det heller ikkje uvanleg at økonomar brukar spelteori for å studere samspelet mellom ulike strategiske val individa tek i eit spel. Og valentinsdagen er neppe unntaket. Det er eit spel, og det vert spelt éin gong kvart år. Interessant nok har ein også to valalternativ: Nemleg kjøpe eller ikkje kjøpe ei valentinsgåve til partnaren.

Følgjande scenario er difor mest sannsynlege i ein slik situasjon. For det fyrste kan båe partnarar i eit forhold velje å investere i gåvene. I så fall vil den motteke gåva sende eit signal om partnarane si forplikting. Likevel, vil det samle seg opp ein kostnad forbunde med gåvene. Det andre utfallet er at ein av partnarane får gåva, men ikkje gir noko tilbake, slik at gjengjeldingsprinsippet ikkje vert oppfylt. Isolert sett vil den eine partnaren sitje med ei kjensle av at den andre er uvillig til å investere i parforholdet. Kanskje er det likevel ikkje så rart at mange endrar sivilstatus til singel på Facebook få veker etter valentinsdagen. For det tredje kan begge velje å unnlate å kjøpe gåver til kvarandre. Og det er lov, det også.

Ein skulle kanskje tru at valentinsdagen utelukkande handlar om det fyrstnemnde scenarioet. Det er neppe tilfellet. I prinsippet er det utfallet kor partnarane unnlét å kjøpe gåvene til kvarandre det einaste gunstige utfallet, i alle fall sett ut frå ein spelteoretisk ståstad. Ei mogleg forklaring er at valentinsdagen er prega av skeivdelt informasjon (dvs. nokon veit meir enn andre). For eksempel; du veit om du sjølv er forplikta til Amalie. Likevel er det ikkje lett for henne å avgjere dette, fordi du sit på informasjon som ikkje er kostnadsfritt tilgjengeleg for ho. Og det vil dermed alltid ligge føre ei usikkerheit kring dei romantiske intensjonane og preferansane dine. Men det finst også ei anna forklaring. Truleg opplev du det som risikofylt å få ein gåve, men ikkje gi noko tilbake. Difor vel du å bruke eit par hundrelappar på gåva, det på trass av at du ville ha komme betre ut ved å la vere. Og det er ikkje heller så rart at handelsstanden speler på nettopp denne delen av samvitet og skapar eit kjøpepress.

Så i år er vi single på valentinsdagen – igjen. Det er ikkje fordi vi føretrekker singellivet, eller at vi manglar sjølvtillit. Det er heller ikkje fordi damer ikkje finn oss attraktive. Snarare tvert imot. Vi vel berre å ikkje bruke pengar på ein dag som ikkje bidrar til at vi kjem betre ut enn elles på året.

Difor kan ein neppe unngå «alle hjerters dag». Likefullt bør vi ta med oss innsikta frå spelteorien om at valentinsdagen er eit spel for parforhold. Og vinnarane er ikkje nødvendigvis dei kjærastane som speler dette spelet, men dei som vel å ikkje kjøpe gåvene til kvarandre. Og det gjer heller ikkje vi single.