– Vi må ufarleggjere det å tenkje nytt

FEKK STØTTE. Innovasjon for Havbruk og sjømat fekk ei startløyving frå Innovasjon Noreg på 100 000 kroner. (f.v.)  Emil Lindfors, Roymond Olsen, Øystein Follo og Anders Lepperød. FOTO: ADRIAN GRINDBAKKEN

FEKK STØTTE. Innovasjon for Havbruk og sjømat fekk ei startløyving frå Innovasjon Noreg på 100 000 kroner. FOTO: ADRIAN GRINDBAKKEN

Studentar ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet meiner gründerånd, innovasjon og nyskaping er viktig for å tenke nytt. Hausten 2016 gjekk dei saman og danna IHS – Innovasjon for Havbruk og Sjømat.

– Vi veit at havbruks- og sjømat-næringa er på jakt etter alt frå marineteknikarar og biologar til økonomar og juristar, seier studentane og gründerane Roymond Olsen og Anders Lepperød.

Dei fortel at eit av måla med denne innovasjonsgruppa, som i dag har fått 110 medlem, er difor å gje tilbod om tverrfagleg kommunikasjon.

– Vi ynskjer å vere eit bindeledd mellom studentane og næringa, og på den måten kople studentane inn mot viktige kontaktpunkt, seier Olsen.

Sats på fisk og sjømat
Innovasjonsgruppen_AG_08

KARRIEREBEVISST. – Vi veit at havbruks- og sjømat-næringa er på jakt etter alt frå marineteknikarar, biologar, økonomar og juristar, seier studentane og gründerane. FOTO: ADRIAN GRINDBAKKEN

I samband med skipinga av IHS såg Olsen og dei andre i styret ei sjanse til å skape si eiga verksemd. Denne verksemda heiter i dag Linfors Foundry, og er på lik line med innovasjonsgruppa retta mot sjømat og havbruk.

– I dag kjem berre to prosent av verdas matforsyning frå havet. Samstundes veit vi at sjømatnæringa er mykje meir berekraftig enn matproduksjon på land. I fjor vart det omsett for 60 milliardar kroner. Det fortel kva for potensiale som ligg av verdiar her, seier Olsen.

Han trur at sjømat-næringa i framtida vil vere med å gje nye viktige inntektskjelder, der nye marknader opnar seg og nye produkt veks fram nettopp ved å tenkje nytt og sjå moglegheiter, og ikkje minst få til eit kunnskapsløft der det er behov for mange ulike typar utdanningar.

– Vi har levd lenge på olja, ei næring som har vore einsidig ingeniørtung i utdanningsvegen, seier Olsen.

Digitalisering av havbruksnæringa

Gründerane fortel at det heilt sidan oppstarten i haust har vore viktig for å kunne formidle til medlemmane sine at dei ikkje har noko å tape ved å tenkje nytt. Lindfors Foundry har no fått kontor i nyskapingsparken i Bergen.

– Vi arbeider med digitalisering av havbruksnæringa, som framleis nyttar penn og papir for å dokumentere viktige data. Målet vårt er å effektivisere og forenkle datainnsamling og kommunikasjon, seier Lepperød.

Han fortel at dei har fått ei startløyving frå Innovasjon Noreg på 100 000 kroner.

– Dette er eit tilskot som kjem godt med, og noko me set stor pris på, seier Lepperød.

Bratt læringskurve

Lepperød fortel at det i utgangspunktet er lett å kome på idear og starte opp, men at læringskurva er bratt.

– Målet er å kunne lukkast med gründerbedrifta, men skulle det skjære seg er det likevel mykje kunnskap og læring undervegs som kjem godt med seinare i livet. Erfaringa vi tek med oss her vil også vere ettertrakta kunnskap om vi ynskjer å søke jobb i ei etablert verksemd, seier Lepperød.

Gründerane og styret av IHS vil vera med å git sitt bidrag til at Bergen får eit sterkare og betre nyskapingsmiljø.

– Vi må hente inspirasjon frå til dømes Trondheim, der NTNU har vore flinke til å stimulere til innovasjon, seier Olsen.

Kvart år har forskingsrådet ein pengepott til eit prosjekt dei kallar «forny student». I denne konkurransen har det aldri vore nokon frå Bergen som har stukke av med premien. Det er også eit fåtal som har søkt, samanlikna med dei andre norske studentbyane i landet.

– Vi håpar miljøet i Bergen vil bli snudd i framtida, særleg no når politikarane får lagt fram ei kvalitetsmelding der dei har mykje fokus på nyskaping og innovasjon, seier Olsen.