Den kristne gudstenesta er 2000 år gammal – det er på tide at Statskyrkja moderniserer malen.Tekst: JANNE G. SØRGULEN
I september presenterte Aftenposten tal frå European Social Survey (ESS), der det kjem fram at nordmenn er blant dei minst religiøse i Europa og at berre to prosent av alle nordmenn går jamleg i gudsteneste. Med ein slik statistikk, samt ei låg oppslutning om kyrkjevalet i år i bakhovudet, tek blant anna Dagbladet-kommentator John Olav Egeland bladet frå munnen: Vi har ikkje noko folkekyrkje. Vi har ei kyrkje utan folk. Berre store hendingar som dåp, bryllaup, konfirmasjon og gravferd trekkjer dei store folkemengdene. På dei vanlege gudstenestene vert ikkje dørstokken rent ned av massene, men traska forsiktig over av eit knippe pensjonistar.
Dei fleste kyrkjene i landet ser ut til å leve i ei eiga boble dei håpar samfunnet vil ta del i, i staden for å stikke hol på eiga boble og verte ein del av samfunnet sjølv. Søndag kunne ein på fjernsynet og på fleire nettaviser derimot sjå og lese om eit forfriskande innslag i kyrkja. Ris kirke i Oslo hadde nemleg i ei vanleg gudsteneste valt å bruke songar av det irske rockebandet U2 framfor dei tradisjonelle salmane. Grunngjevinga frå prest Ole Jakob Løland til TV2: «Vi gjer det fordi U2 er blant dei moderne artistane som har skrive nokre av dei viktigaste salmane i vår tid. Det er salmar i den forstand at det er musikk som kommuniserer det kristne bodskapet.»
Ein som har arbeidd med tanken om ei folkekyrkje er Paul Skuland, tidlegare sokneprest i Nord-Hålogaland bispedømme. Under studiepermisjonen hans i 2005-2006 skreiv han oppgåve med følgjande konklusjon: «Vi har i dag ei folkekyrkje som ikkje fungerer som ei kyrkje for folket» og «Vi treng ein offensiv folkekyrkjeleg visjon om at (.....) Gud vert lovprisa òg utanfor kyrkjehusa. Friluftsgudstenester og gudstenester i andre lokale. Det vert ope for folk si allminnelege tru i kyrkja».
Om kyrkja ikkje i større grad vert ein del av kvardagen til medlemmene av statskyrkja – vert det etter kvart heller ikkje naturleg å gå opp kyrkjetrappene ved dei store milepælane i livet. Kyrkja har nemleg ikkje klart å femne om desse når det har kome så langt. Det er ikkje snakk om at kyrkja skal kikke på dette-er-heitt-i-år-lister, men at ho på nokre punkt fornyar formidlinga av den kristne bodskapen. Til dømes med litt meir Bono inn blant kyrkjeveggane, å endre tidspunktet for gudstenester og, innimellom, ha alternativ opplegg til den vanlege gudstenester ein gong i månaden.
Ei av styrkjene til den posisjonen kyrkja har er nettopp i det stabile og tradisjonane. Men så lenge statskyrkja er kyrkja for heile folket, må ho vere ein stad for alle medlem. Både dei som syng bordbøn, og dei som er støttemedlem. Gudstenesta, med røter 2000 år tilbake i tid, er ikkje nødvendigvis den beste løysinga for kyrkjefolket anno 2009. Vonleg tek andre kyrkjer til seg litt av nytenkinga til Ris kirke som har inkludert U2 i gudstenesta. Fleire religiøse leiarar bør i alle fall tilpasse seg potensielle kyrkjegjengarar meir enn eit av tiltaka i kyrkja mi heime: Overføring av lyd frå gudstenesta til gamleheimen. Slikt vert det ikkje nye kyrkjegjengarar av.
Debattregler
Personhets har ingen plass i debattene våre.
Ikke trolling
eller injurier
heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.
MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender
'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.
Kommentarer (gammelt system)
Også i Bergen finnes det kirker som inkluderer U2 i gudstjenesten, Årstad kirke hadde gudstjeneste med dette som tema i vinter, og trakk 250 mennesker. Pressen ble invitert, men de fleste var fraværende. Denne kirken er også prøvekirke for en friere gudstjenesteform, og har mange forfriskenede innslag i ulike gudstjenester, og er dessuten en aktiv menighet med stort aktivitetsmangfold. De har også hatt gudstjenester til andre tider og dager enn det vanlige, og med helt annen fremtoning.
Det finnes gudstjenester til andre tidspunkt en kl 11 en søndag, f.eks i Korskirken kl 19 søn kveld, som arrangeres av studentmenigheten. En kikk i BT sine oversikt over alle gudstjenester viser at det finner muligheter både kl 13 og 17 for den som ønsker det.
Jeg er ikke pensjonist, og går ofte i kirken. Likeså med mine venner mellom 20-40 som har lenge igjen til grått hår og stokk. Norkirken, som nesten bare består av unge mennesker, trekker tre fulle hus hver søndag.
Jeg syns ikke at du Janne, som har forfattet den artikkelen, har satt deg godt nok inn i hvordan gudstjenester og kristenliv praktiseres i denne byen. Du virker som en overbærende bedreviter som skal rakke ned på en kirke som er sterk og levende for mange mennesker. Statskirken er ikke døende for det ikke er fullt hus hver søndag kl 11, det er mange aktiviteter som kan dekke et behov for kontakt med Gud i hverdagen. Litt bedre bakgrunnsjekk og forarbeid hadde kunne gjort denne artikkelen langt bedre enn det oppgulpet du har skrevet. Neste gang er det i alle fall en i de å kontakte miljøet og snakke med folk før du trekker konklusjoner. Av: Mina - 21 Oct 2009 Sjekk aarstadmenighet.no for hva som rører seg ;) Blant annet inviteres alle til UNG NOVEMBER fra 7.-15.november- avsluttes med U2 gudstjeneste kl. 1900 den 15.
Hjertelig velkommen ! Av: aarstad - 22 Oct 2009 En salme av Händel er uendelig mye mer hørbart enn "One" for tusende gang. Hvor er det åndelige tilbudet for oss som hater U2? Av: jamesy - 22 Oct 2009 religion. lol. Av: rasjonell - 23 Oct 2009