Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 24/07 Kl. 14:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 
Apropos.

Raosexy


 

Tekst: JANNE G. SØRGULEN

JA, AKKURAT. «Raosexy» kalla han meg heilt tilfeldig, og eg vart mo i knea. Høyr på det då! Den deilege ao-lyden og det internasjonale «sexy» er ein heilt fortryllande kombinasjon. Når ein kis frå inste Sognefjorden stadfestar at du er nettopp «raosexy», verkar det så innmari mykje meir truverdig enn når ein austlending seier du er «pen». Eller «råsexy». Niks. No can do.

EG ER DEN første, og i 90 prosent av tilfella den einaste, til å forsvare trønderdialekta. Ho er nydeleg, schø! Og sørlendingane med sin «eg vett ishje» (dei verkar sjølvsagt mindre lure når dei kjem med slike utsegn – men akk så sjarmerande). Sogningane med «stao no pao» (einaste som kan få meg til å like fotball litt meir). Og bodøværingen(?) med sitt svigermorsjarmerande «æ kan bakæ!». Sorry, austlending, du når ikkje opp.

DRIT I SMILEHOL, mørkt hår, brune auge og ein god kropp (ok, eg seier vel ikkje «nei, takk» til dette òg). Når det kokar ned til kven som sjarmerer meg, har mest alle ein fellesnemnar: Knasande god dialekt. Ja, eg er ei rar og enkel sjel, men er òg den første til å vedkjenne meg dialektfetisjen: Gi meg ei saftig dialekt, rare ord og variert tonefall! Å, den dialekta!

DEI MED PAPPAKOMPLEKS vel karar med pondus, måne og skjegg. Andre vel partnerar som er den rake motsetnaden til seg sjølv: Inneslutta vel brøleapar, aggressive vel rolege, rockaren vel korsangaren. Eg vel dølamannen, kyst-kisen og fjellgeita. Kvar gong dei opnar munnen er det ei underhaldning i seg sjølv. Sei noko meir!

KVIFOR DIALEKT, seier du? Miljøskadd, seier du? Ja. Eg er vel. Eg innsåg det med ein gong eg høyrde svaret til Bonderomantikk-kvinnna, då Kathrine Moholt spurte kva som måtte til for å sjarmere ho: «Eg likar karar som snakkar dialekt». Men mamma og pappa bør vere kry over dottera si. Eg freistar jo berre å leve opp til at eg faktisk er ei odelsjente.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE APORPOSAR