Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 24/07 Kl. 14:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 
Kommentar.

Slepp meg inn!


ILLUSTRASJON: ÅGE PETERSON

Medan riksaviser ropar «JA!» til likestilling og kvinnlege prestar, seier dei nei til språkleg likestilling og nynorskjournalistar.

Tekst: JANNE G. SØRGULEN

Kvar veke klarar Studvest noko ikkje Aftenposten, Dagbladet og VG klarar. Å produsere artiklar med «eg» og «jeg» i same avis. Eit døme på språkleg kaos, skal ein godta VG-redaktør Bernt Olufsen sin karakteristikk av blandingsaviser. Motparten finn ein hjå Språkrådet, som meiner at nettopp slike aviser burde vore sjølvsagt. I samband med at Stortinget handsamar ei ny språkmelding, føreslår dei at pressestønad berre skal myntast på toskriftlege aviser. Ein årleg gåvepakke frå staten til norske mediehus på til saman 1,3 milliardar kroner. Stiller dei andre osloredaktørane seg bak karakteristikken til Olufsen om at blandingsaviser er synonymt med dårleg kvalitet, rakkar dei ned på langt fleire enn berre denne blekka og underteikna.

Redaktørar er ofte pionerar i viktige saker. Som til dømes likestilling, kvinnelege prestar og homofili. Men når det kjem til språkleg likestilling, rynkar ikkje vaktbikkjene på nasen over at dei sjølv diskriminerer nynorskjournalistar. Jamfør punkt 1.4 i Ver varsam-plakaten, som konstaterer at aviser ikkje berre må kritisere andre, men òg gå inn i seg sjølv frå tid til annan: «Det er pressens rett å informere om det som skjer i samfunnet og avdekke kritikkverdige forhold. Det er pressens plikt å sette et kritisk søkelys på hvordan mediene selv fyller sin samfunnsrolle.»

La oss leggje pressestønaden til sides i denne debatten. Ved å dra pressestønad-kortet opp av lomma, har riksavis-redaktørane allereie funne skjul langt nede i kvar si skyttelgrav. Dømd ut i frå språket i riksavisene, har vandringa til Ivar Aasen vore fånyttes. Trist, men diverre ein realitet som neppe vert endra over natta ved å halde osloredaktørane som gissel i byte mot nynorskkvote.

Å potensielt rasere eksistensgrunnlaget til ei avis som seier nei til nynorskkvote, kan på ingen måte gagne omdømet til nynorsk som skriftspråk. Når det er sagt: Tvang har aldri vore eit godt utgangspunkt for ein god handel. Ikkje frå staten si side. Og ikkje frå riksavisene si side. Slepp avissjefane nynorsken inn på desken per i dag, vil det vere av frykt. Ikkje av sjølvinnsikt. Vi treng ikkje eit påbod eller ei kvote, men oppheving av eit målforbod. Kulturminister Trond Giske har i debatt på RedaksjonEN tydeleg tilkjennegitt at han ikkje vil nytte pressestønaden mot pressa. Ei opning for meir nynorsk i riksavisene, er derimot både Giske og underteikna samde om. I staden for å stange hovudet i veggen, bør Språkrådet difor gå over til ein plan B.

Riksavisene har eit dekkingsområde med over ein halv million nynorskbrukarar. Såleis er det vanskeleg å ta på alvor argumentasjonen «Vi vel bokmål med tanke på lesarane». I 2005 klarte Noregs Mållag på kort tid å samle inn rundt 40 000 underskrifter i kampen om å la journalistar som ønskjer det skrive nynorsk. Mange av desse bokmålsfolk. Når fattige studentaviser som Studvest har pengar til å redigere på to målføre, burde riksavisene klare det same. Problemet er meir at der ikkje er vilje hjå redaktørane: «Om vi hadde meint det var interessant for lesarane, hadde vi brukt ressursar på det,» forklarte VG-redaktør Olufsen til RedaksjonEN på NRK.

Kjære Oslo-presse: Kvifor er du så redd målforma mi? Det einaste de risikerer er at eg skriv meir flytande, betre og kjappare enn om eg skal følgje den noverande malen dykkar. Når kvinnebladet ELLE kan sitere Jessica Simpson på nynorsk, kan de skrive om gummistøvlane til Drillo på same målføre. Forbodet dykkar gir eit inntrykk av at nynorsk er eit tullespråk som ikkje duger til noko. På tide å rette opp inntrykket.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


Kommentarer (gammelt system)



Det mange ikke vet er at Studvest skal "tilstrebe" at 50 % av stoffet er nynorsk, og at UiB offisielt er et nynorsk universitet.


Bra sagt, Janne! No er me snart 1200 medlemer på Facebook-gruppa "Ja til nynorsk i VG, Dagbladet og Aftenposten". Og ho veks raskt!



  SØK I STUDVEST:

SISTE KOMMENTARAR