MED NOKRE PENNESTRØK endra Justisdepartementet i juni «vaktvirksomhetsloven», og vips, så vart det ulovleg med frivillege dørvakter. Ved å skjerpe vandelskrav, få på plass ei betre grunnutdanning og strengare krav til vaktselskap, er målet å gjere det tryggare for kundane. Initiativet er både godt og naudsynt for bransjen generelt, men får alvorlege konsekvensar i studentmiljøet. I verste fall tyder dette kroken på døra for både Hulen, Det Akademiske Kvarter og Klubben på NHH. Og dugnadsånda.
DESSE TRE ER derimot ikkje åleine. Dette er eit nasjonalt lovverk, og eit nasjonalt tema. Studentdrivne utestadar som blant andre Folken i Stavanger og Samfundet i Trondheim vert råka. Det vert òg festivalar som er utanfor studentmiljøet. Lost Weekend, Ekkofestivalen, Phonofestivalen, Eggstockfestivalen. Lista er lang. Ved lovendringa får alle dei same signalet: For å eksistere, må dei i staden for å grave fram frivillege, grave fram kontantar til vakthold. Berre dei sterkaste marknadskreftene vil kunne gå vidare med eit så firkanta regelverk. Læra til Darwin fungerer dårleg når målet må vere eit mangfold innan kulturlivet.
LOVA ER ALLEREIE vedtatt, men eit unntak kan ein framleis få. Får ein ikkje det, må ein i alle fall ha både eitt, to og tre alternativ klar til Justisdepartementet. Slik kan ein vere med på å bestemme, i staden for å få noko trumfa over hovudet.
STUDENTAKTØRANE I BERGEN har klart å leggje hovuda saman for å diskutere alternativ. Ved å sende brev til justisminister Knut Storberge om å gjere unntak for studentlivet, har òg byrådsleiar Monica Mæland kasta seg inn i debatten. Kjempebra! Men her krevst det meir frå fleire aktørar. Desse studentorganisasjonane er heilt sentrale i miljøet. Forsvinn dei, vil både Utdannings-Bergen, kulturlivet og byen verte fattigare.
FOR Å STÅ sterkast mogleg opp mot lovendringa, må alle som vert påverka stå samla for å kome best mogleg ut av dette. Sjå utover eigne bygrenser. Start ein kampanje. Sjølv om detaljane for lova ikkje vert spikra fast før 2011, kan ikkje aktørane satse på at dette ordnar seg av seg sjølv. Er det ingen som protesterer, vert heller ingenting gjort. Alternativet er, som Erik Oramas seier til Studvest, at blant anna Det Akademiske Kvarter endar opp som førelesingssal.
Debattregler
-
Personhets har ingen plass i debattene våre.
Ikke trolling
eller injurier
heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
-
Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
-
Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.
MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender
'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.