Avisarkivet vårt er fullt av artiklar om Det Akademiske Kvarter. Som til dømes då ein tidlegare studvestjournalist fekk omvisning på bygget, eit år før kulturhuset opna i 1995. Om når studentorganisasjonane flytta inn. Om alle konsertane, debattane og teaterstykkene som har vorte sett opp på, dei då velkjende, rommene i Olav Kyrres gate.
Fordi studentorganisasjonen måtte skalke dørene i april 2007 då utbyggingsarbeidet starta, er det blant dei ferskaste studentane få som kjenner til konsept som «helhus»-arrangement, til rommet Stjernesalen eller husbandet Villa People. Og dei som hugsar det, er mest ferdige med anten ein bachelor- eller mastergrad.
Jamvel verkar det som om det no er ein form for kollektiv spenning i forkant av gjenopninga av huset no. Både frå dei som var med før dei stengde, og dei som aldri har sett foten innanfor dørene. I tillegg er det alle dei tidlegare arrangørane. Fleire har slitt med dårlege medlemstal og vanskar med sponsorar i finanskrisa. Sjølv om gjeninnflyttinga ikkje automatisk gjer det enklare å skaffe eksterne midlar, er det ikkje tvil om at det på nytt vil verte meir attraktivt å jobbe i ein av studentorganisasjonane.
I ei fersk undersøking frå Universitetet i Bergen (UiB), som Studvest skreiv om 30. januar, kom det fram at ein av hovudgrunnane til at folk droppar ut frå universitetsmiljøet er dårleg sosial tilhøyrigheit. Sjølv om Kvarteret er for alle studentane i byen og ikkje berre for UiB, vil opninga 5. februar gjeninnføre møtestad nummer éin for studentane. Med dei rundt 2200 arrangementa kulturhuset tek sikte på å huse årleg, kan ein òg rekne med ein, bokstavleg talt, ny vår for uetablerte artistar i byen. Frå alle oss som har følgd Kvarteret frå sidelinja gjennom ulendt terreng og gledelege nyhende: Vi gler oss alle til helga og det komande året. Gratulerer med opning fredag!
Debattregler
-
Personhets har ingen plass i debattene våre.
Ikke trolling
eller injurier
heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
-
Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
-
Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.
MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender
'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.