Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 01/09 Kl. 12:00 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 
Kulturkommentar.

Eit gjensidig forhold


 
MER OM DENNE SAKEN:
Manglar viktig nøkkelperson
STUDVEST FØLGER TEMAET:
KVARTERET

Tekst: JANNE G. SØRGULEN

Ved å gå tilbake i studvestarkivet, treng ein ikkje lese mykje før ein forstår at problema som var gjeldande då Kvarteret stengde dørene i april 2007, framleis er gjeldande no etter nyopning. I arkivet er det fleire røyster som seier det same: Vi håpar ting ordnar seg når oppussinga er ferdig og dorgane på ny vender attende til kulturhuset sitt. I same vending er det òg nokre som seier at «Den økonomiske modellen til Kvarteret må endrast, og det drastisk».

I den pågåande forhandlinga mellom Kvarteret og dorgane kan det kanskje vere lett å sympatisere med sistenemnde. Spesielt med tanke på at avtalen som er lagt frå Kvarteret vil føre til vesentleg mindre pengar til dorgane enn tidlegare. Dorgane må derimot ikkje gløyme at om ikkje økonomien til «heimen» deira går rundt, vil gode vilkår som gratis husleige og kontorlokale kunne forsvinne eller verte sterkt nedgradert. Universitetet i Bergen gir støtte til Kvarteret, men det vil derimot ikkje sei at dei kan gi pengar heile vegen om kulturhuset ikkje klarar å få skikk på eigen økonomi. Men utan Kvarteret, ingen dorgar. Utan dorgar, ikkje noko Kvarteret.

Ifølgje tidlegare Kvarteret-leiar, Tommy Holen Helland, har ikkje Kvarteret gått med overskot meir enn éin gong sidan oppstarten for 15 år sidan. Samstundes veit ein at det har gått på økonomien laus for dorgane dei siste tre åra, då dei har slite med å sanke både medlemmer og nok pengar til bankkontoen når dei ikkje har halde hus i Olav Kyrres gate. I denne forhandlinga, er det ingen av partane som skil seg ut som ein tydeleg «svakare part». Å få pengane til å strekkje til for vanleg drift, verkar å vere vanskeleg i alle leirar. Her må alle i forhandlingane innsjå at ein må møtast på halvvegen.

Med til saman 14 år underskot for Kvarteret, var det ikkje for tidleg å no få på plass ei økonomigruppe. Det er derimot uheldig at denne ikkje fekk trå i kraft tidsnok til å kunne kome hjelpande til i forhandlingane. Dette ville nok ført til ein kjappare gjennomgang og betre forhold, heilt i frå starten av, mellom den attforeinte «familien» som no skal bu saman.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:

SISTE KOMMENTARAR