Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 08/02 Kl. 20:29 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

Kvardag er fest


Signe Vinje, Peru

Tekst: SIGNE VINJE

På rommet mitt har eg ei flaske pisco som eg kjøpte på Piscoens dag. Brennevinet Pisco er ein av Perus uoffisielle nasjonaldrikkar, på lik linje med den gule tyggissmakande brusen Inca Cola og maisdrikken Chicha.

Den alkoholhaldige drikken vekkjer sterke kjensler hos peruanarane, alt før han er konsumert. Han gjer peruanaren stolt; å reise frå Peru utan å smake drikken Pisco Sour, er som å reise frå Cuzco utan å besøke Machu Piccu. Og han gjer peruanaren hårsår; den beste måten å få ein peruanar irritert er å påstå at Piscoen kjem frå Chile. Den fjerde søndagen i juli er derfor offisielt dedisert til Piscoen.

Pisco er ikkje det einaste produktet som har fått sin eigen dag i Peru. Når heilagdagane, nasjonaldagane og dei historiske jubilea er oppbrukt, så heidrar dei marsvinet, poteten og brennevinet. Dei feirar det meste som har med nasjonalkjensla å gjera, slik at folk hugsar at peruanske produkt er gode produkt, og bør kjøpast.

Poteten blir heidra på potetens dag. Det er for å minne om at poteten kan brukast til alt, og kan konsumerast på mange andre måtar enn kokt, most eller fritert. På potetdagen blir gamle oppskrifter fiska fram i minnet, gastronomiske potetfestivalar blir arrangert, og dei nasjonale potetbøndene gnir seg i nevane.

Marsvinet er eit tradisjonsrikt dyr i Peru, og blir - som poteten - bruka til så mangt. Ein kan for eksempel bruke marsvinet i tombola. Spelet går ut på at ein lagar ein ring med små boksar, og inne i kvar boks er ein gevinst. Spelarane kjøper eit boksnummer, det forvirra marsvinet blir slept laus og pilar så fort han kan inn i ein av boksane for å gøyme seg. Eigaren av boksnummeret kan håve inn gevinsten og reise heim ein duppeditt rikare.

På marsvinets dag blir det vesle dyret heidra på ein annan måte. Grytene blir henta fram, marsvinet blir slakta og kokkane legg sjela si i maten for å få han så velsmakande som mogleg. Marsvin er nemleg ei av dei største delikatessene i Peru.

Eg har ennå ikkje fått gleda av å oppleve verken potetens eller marsvinets dag. Men feiringa av piscoen kjem ikkje til å gå i gløymeboka med det første.

På den store dagen hadde me høyrt rykte om at fontena i sentrum skulle fyllast med rein pisco i staden for vatn. Det måtte sjølvsagt stadfestast, og med tomflasker i sekken pressa me oss fram gjennom menneskemengda, klare for å fryde oss over galskapen det er å fylle ei fontene med førti prosent sprit. Vonbrotne fant me ut at det var umogleg å koma nærmare fontena enn fem meter. I staden kunne me kjøpe Pisco i glas og flaske, heve glaset i lag med fleire hundre peruanarar på same alder og rope "Pisco er Peru!".



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


 
SØK I STUDVEST:
SISTE KORRESPONDENTBREV