Studentavisa i Bergen. 65. årgang Oppdatert 24/07 Kl. 14:39 TIPS OSS/KONTAKT Lytt til Studentradioen Se på Student TV
Forsiden
Nyheter
Kultur
Reportasjer
Tema
Ytringer
Foto
Om avisa
Lenker

Ansvarlig redaktør:
Kenneth Nodeland

Nett:
web@studvest.no

Annonser:
annonse@studvest.no

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

 

Kritikk - så lenge de skriv fint om oss


K7 Bulletin vert kritisert av NHH-studentar for å gjere jobben sin - kva for studentavisa er det eigentleg dei vil ha?

Lokalaviser over heile landet har eit evig dilemma. Dei jobbar på ein liten stad. Alle kjenner alle. Og set dei fingeren på kritikkverdige forhold, kan dei rekne med at orda deira påverkar bestemora, nevøen, eller kompisen til nokon i redaksjonen. Eller viktige kjelder. Vurderinga må dei heile tida ta: Skal vi tenkje best-mogleg-sak, eller å halde på den gode tonen?

Same dilemmaet har òg K7 Bulletin (Bulle), studentavisa for Norges Handelshøyskole (NHH). Etter at skjenkekontrollen i mars sette fingeren på det ulovlege bongsystemet til Kjelleren, valgte Bulle å vie spalteplass til bruduljane. Og murringa kom. På Foreningsmøtet som studentforeninga (NHHS) kalla inn til 1. oktober, kom det fram at fleire ikkje sette pris på sakene. Rolla som vaktbikkje set dei pris på - berre dei ikkje omtalar interne forhold. Ekstra vanskeleg vert det då når redaktørane i avisa sjølve er tillitsvalde i NHHS, men skal vere uavhengige.

Her kjenner Studvest seg att. Velferdstinget, som er pengeutdelar og kjelde for kritiske nyhendesaker, utgjer eit etisk dilemma for pressefridomen til Studvest. Ikkje fordi vi då unngår å skrive om dei - det er ein del av arbeidsoppgåva vår. Men kan ein alltid rekne med at pengesekken klarar å skilje kritikar og pengemottakar? Historia har inkludert døme på båe delar. Både Trondheim og Bergen har døme på at politikarar raslar med sabelen når studentpressa tek opp upopulære sakar.

Fakta er at Bulle ikkje gravde fram saka sjølv, men rapporterte om eit velkjend problem fordi skjenkjekontrollen hadde banka på døra. Det var kontrollørane, og ikkje vaktbikkja, som førte til at skjenkerutinene vart lovlege. Når delar av tilbakemeldingane på møtet går ut på at «vi vil ha dykk som vaktbikkje - berre ikkje de skriv om oss», har kritikarane misforstått kva pressefridom handlar om.

Det kritikkverdige er ikkje at Bulle har skrive noko NHHS ikkje likar. Det kritikkverdige er at dei tidlegare Bulle-redaktørar faktisk ikkje har skrive om eit ulovleg system som det verkar som om heile skulen har vore vel vitande om. Studvest gir si fulle støtte til at Bulle skriv dei upopulære sakene, og håpar på vegne av NHH-studentane at dei får nye redaktørar som vågar å gjere jobben sin. Og det sjølv om det kan føre til dårleg stemning i målgruppa.

Stem for demokratiet

Når Frank Aarebrot i denne utgåva av Studvest poengterte at studentparlamentet på Universitetet i Bergen strengt tatt ikkje er demokratisk valgt med 50 prosent oppmøte, er det med ein resignert aksept over at vi nok ikkje vil oppnå det talet i dei næraste åra. Like fullt: Studentparlamentet har direkte innverknad på studiekvardagen din og kan få utretta konkrete ting. Spring og stem.

Og for å ta ei litt gamal regle for universitetet: Sjå til NHH. Som så mange andre ting får dei til dette med val, og det å møte opp til valgurnene. Det er fleire universitatsstudentar enn NHH-studentar, men prosentandelen som stemmer på Høyden er framleis latterleg låg. Og urnene er berre eit tastetrykk unna. Såpass kan ein ofre for å gjere studentdemokratiet litt meir demokratisk.



Debattregler


  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
  • Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.

Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?

Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.

MERK: Moderator og journalister skriver aldri innlegg i kommentarene, innlegg med avsender 'webmaster'/'web-ansvarlig' eller liknende er falske og vil bli slettet.


Kommentarer (gammelt system)



Hva skal man si til dette, da?

Selvsagt har Bulle rett til å skrive hva de vil og det gjør de da også. Like åpenbart bør det være at de som "avsløres" ikke liker dette men er i sin fulle rett til å synes at det hadde vært greit at media ikke tok dette opp.

Det som ikke ville vært greit var om man la utilbørlig press på Bulle om å ikke skrive noe upopulært men det kan jeg virkelig ikke se at har blitt gjort. At ikke alle "setter pris" på det er deres soleklare prerogativ.

Artig (og for så vidt ærlig) at Studvest trekker frem pengesekken. Nok et slag til støtte for NHHS-modellen der man ikke får lønn for studentforeningsarbeid (eventuelt kommer det kanskje i arbeidslivet eller til nød i himmelen).



  SØK I STUDVEST:

SISTE LEIARAR