Regine tek med eigne glas og lakenposer på handleturen

Utanfor butikken Reindyrka i Christian Michelsens gate ein tirsdag ettermiddag møter Studvest ein student med litt andre vaner enn dei fleste andre. 

Regine Kjeldsberg Nordseth studerer kunsthistorie ved Universitetet i Bergen. Nordseth er utstyrt med eit gult, retromønstra handlenett og ein grønn Fjellreven-sekk då ho visar oss vegen ned trappa til den økologiske daglegvaren. Oppi sekk og nett ber ho med seg glas og lakenposer.

Ho produserer nesten ikkje noko søppel.

– Eg pleier å handle inn for heile veka kvar måndag. Då gjeld det å ikkje handle inn meir enn ein trur ein kan klarer å spise opp, fortel Nordseth.

Som regel pleier ho å ta turen innom fleire butikker for å få tak i alt ho har på handlelista si. På Reindyrka kjøper ho lokalt og økologisk dyrka grønnsaker og frukt, i tillegg til handkrem, body lotion og shampoo på tapp.

– Eg tek med eigne glas med lokk som eg har vege og notert vekta til, og fyller på så mykje av ein vare som eg treng. I kassen trekk dei frå vekta av glaset, slik at eg då berre betaler for det naudsynte.

180918_StudetLiteSøpppel__JJMM_EHP_003.jpg

Nordseth fortel at ho alltid har vore engasjert i miljøet. Då ho var 13 år meldte ho seg inn i Natur og Ungdom, og prøvde å unngå unødvendig plast der det var mogleg.

– Men sjølv om plast kan bli resirkulert, er ikkje alle like opptekne av å kaste plasten i plastavfallet. Mykje havner i naturen og havet, og blir tolka som mat av dyra, seier ho.

Ho nemner kvalen som hadde magen full av plastposer då han blei funne stranda på Sotra i 2016. Det er ikkje første gong dyr blir funne døde med plast i magen, men hendinga visualiserte problemet nok til å gjere folk meir oppmerksame på problemet, meiner Nordseth.

– Ingen vil gjere slikt mot ein uskyldig kval. Plutseleg er det ikkje så vanskeleg å ta med eit handlenett neste gong ein går og handler, eller vere meir forsiktige med kor ein kaster plastikken.

For det var slik det starta for Nordseth. Ho bytta ut plastposen for bærenettet då ho skulle ut og handle for rundt fire år sidan. Deretter blei lakenposer sydd om for å samle frukt og grønt i lausvekt på butikken. Etter dette har det berre balla på seg.

– Ingen vil gjere slikt mot ein uskyldig kval. Plutseleg er det ikkje så vanskeleg å ta med eit handlenett neste gong ein går og handler

Då handleturen er avslutta på Reindyrka, blir me med Nordseth ein tur innom leilegheita før turen går til butikken Råvarene for siste runde av handelen. 

– Beklagar støyet utanfor. Eg trur dei driv og fjerner asfalt frå sykkel VM.

Sjølv om det er mykje støy ute, har leilegheita eit ryddig og harmonisk preg. Glaskrukker med forskjellige tørrvarer, som havregryn og pasta, er å sjå i hyllene. Fleire planter på bord og gulv skaper ein fredelig atmosfære. 

– Det blir jo veldig estetisk utan all emballasjen og fargane, seier kunststudenten.

Tenker alltid gjenbruk

Men det er ikkje fordi det er estetisk fint Nordseth komposterer maten under vasken og lager eigne reingjeringsartiklar. Målet er å ikkje bidra til bruk av nye ressursar for å produsere fleire varer og produkter. 

– Væska som blir til etterkvart i komposteringa bruker eg til å renske avløypsrøyra, og jorda bruker eg til både potteplanter og når eg skal så.

Glas det ein gong har vore tomatsaus i brukar ho om igjen til nye innkjøp. Sitronskall frys ho ned, og samler opp til ho har nok for å lage reingjeringsmiddel av, saman med eddik og vatn. Alt handler om å finne måter ein kan gjenbruke ting ein allereie har.

Nordseth kan også fortelje at søppelbøtta til restavfallet begynn å bli for stor, og at ho og kjærasten derfor vurderer å bytte denne til ei mindre.

Idealet er å ikkje produsere søppel i det heile, og målet speglar seg i namnet på rørsla ho er inspirert av – «zero waste». Det går ut på å ikkje bidra til at nye ressursar blir tekne i bruk i produksjonen av nye varer, men i staden fokusere på at ein skal kunne bruke ting om igjen.

180918_StudetLiteSøpppel__JJMM_EHP_005.jpg

Ifølge Nordseth er det ikkje berre bra for miljøet å redusere søppelet sitt. Ho meiner det også kjem lommeboka til gode.

– Mykje av det eg gjer, som å handle på Fretex, er jo veldig billig. Det gjer det også veldig studentvennleg, seier Nordseth med eit lurt smil.

Pensum kjøper ho anten brukt eller som e-bøker. Som sikkert fleire andre studenter, er Nordseth lite glad i å bruke unødvendig mykje penger. 

– Nytt pensum er jo svindyrt, så dette er mykje billigare. I tillegg sparer eg plass i bokhylla.

I tillegg sparer ho penger på å ikkje handle i kantina. Nordseth er veganer, og et verken kjøtt, egg, melkeprodukt eller andre produkt av animalsk opphav. 

– Sammen har nesten ingen veganmat i kantinene sine, så eg sparer også penger på å ta med eiga niste. Der har eg hatt hell i uhell, ler ho.

Flyr heim

Sjølv om Nordseth er oppteken av klima, og føretrekkjer tog når ho skal ut å reise, er det fly ho tek når ho skal besøke dei heime.

– I og med at det ikkje går tog til Finmark, flyr eg når eg skal heim til Alta. Det er så klart synd, men eg prøver å gjere opp for det ved å betale klimakvota mi. Den vil gå til eit veldedig formål som arbeider for å betre klima.

For det er ifølge nokre forskarar lite vits å fokusere så myke på å redusere søppel, slik Nordseth gjer. Ifølge Statistisk sentralbyrå kasta gjennomsnittsnordmannen 426 kilo hushaldsavfall i 2017. Likevel meiner nokre forskarar at effekten av å redusera søppelet sitt er liten, og at færre flyturar i året vil vere av større nytte for klima.

– Det er så klart fleire tiltak ein kan gjere for å betre klima, men eg tenker ikkje det blir betre om ein skal prioritere nokre tiltak over andre. Eg prøver å leve så grønt som mogleg, ikkje berre med tanke på søppel. Det er synd om ein skal droppe tiltak berre fordi ei flyreise vil nulle det ut. Alle moner dreg, svarer Nordseth.

På spørsmålet om kva den største utfordringa er ved å leve slik ho gjer, er svaret: «Å ikkje vere perfeksjonist».

Nordseth legg vekt på at i omgrepet «zero waste» ligg det ei forventing til null søppel, noko ho meiner er nært sagt umogleg i Noreg.

– Slik samfunnet er i dag, er det vanskeleg å unngå søppel heilt. For meg handler det om å gjere det beste ut av situasjonen ein er i, seier Nordseth.

Etter stoppet innom leilegheita, fortsett handleturen til Råvarene i Skostredet.

Her finn ho siste rest av det ho treng til veka. Havregryn og pasta går oppi kvar sin omsydd lakenpose, og kanel fyller ho i ei tom kanelbøsse.

Utanom stamkunden Nordseth, er det berre to andre kunder innom butikken på dei 10-15 minutta me er der. Tempoet her er rolegare enn i daglegvarekjedane.

– Eg er på fornamn med dei som eig butikken her. Det gjer det litt kjekkare å handle, seier ho.

Tekst: Ingeborg Undheim

Foto: Jeffrey Meijer

Kommentarer

kommentarer