Meninger

Luke 1: Åleine kontra einsam

Nokon treng å trykkje inn i hovudet sitt at det er fullt mogeleg å storkose seg i eige selskap utan å kjenne på einsemd.

EINSEMD. Ein skal helst klare alt mogeleg sjølv, men berre det ikkje vert for innhaldsrikt. Illustrasjon: Silje Ratcharanarin Khuanroodee
Publisert Sist oppdatert

Dette er et innsendt innlegg. Innlegget gir uttrykk for forfatterens egne meninger.

Apropos

Apropos er den frie spalta der Studvest-journalistane kan skrive om akkurat det dei vil. Språket er ofte i munnleg form, og med eit glimt i auget. OBS! Spalta har høy førekomst av satire, sarkasme og ironi, og bør tas med ei klype (nokre gonger ein neve) salt.

I augo til andre har eg kanskje gubbe, tre born, bikkje, katt og heile bøtteballetten. Likevel har det seg slik at eg trivst utruleg godt i mitt eige selskap. Det verkar som at ganske mange har vanskar med å forstå seg på dette.

Det å ha tid for meg sjølv har aldri streifa meg som noko negativt. Å ha mogelegheita til å gjere kva enn eg vil utan å forhøyre meg med nokon som helst er ein fridom eg unner alle.

Dei fleste likar nok å vere åleine ein gong i blant, men nokon av oss har hakket større trong enn andre. Likevel glor ikkje eg rart på nokon som for tredje helga på rad vel å dra ut på byen med nokre gode vennar.

Når eg i motsetning fortel folk at eg friviljug går over Vidden åleine, eller sjølvvald dreg på åleinetur til utlandet får pipa ein annan ljod. Gjerne ein ljod som ber preg av medynk eller stakkarslegskap.

Denne endringa i pipeljod opptrer også ofte saman med eit innstendig blikk som lurar på om alt går greitt med deg. Det er nok blikket som skjer djupast. Det vert så tydeleg kva dei tenkjer om deg.

Eg veit ikkje kor mykje medynken hjelper heller. Responsen får ein liten, men til tider bastant, del av meg til å ynskje å fullføre det endå meir berre for å kunne motprove vedkommande.

Me vert tidleg krøka med at det er bra at folk er ulike. Me skal ha plass til alle i samfunnet vårt. Kanskje er det nettopp denne tanken som sit att frå barndommen vår når folk dobbelsjekkar kvifor folk som meg dreg på tur åleine. På ei anna side er det flust av liknande saker som ingen lenger dobbelsjekkar.

Så, kvifor skal det vere så tabubelagt og skamfullt å til dømes dra på ferie åleine i dette individualistiske samfunnet vårt? Ein skal helst klare alt mogeleg sjølv, men berre det ikkje vert for innhaldsrikt. Då må ein plutseleg ha nokon ein må dele augeblikket med.

Powered by Labrador CMS