For to veker sidan kunne ikkje kommunen seie noko om når gåvekorta skulle kome. No er dei her. Men du må vere rask.

GLADE MENNESKJE: Det var god stemning då byrådet endeleg kunne annonsere at dei berømte gåvekorta no var på plass.


To millionar har blitt sett av i budsjettet for å iverksette ordninga. Dette gjev moglegheita til å gje ut gåvekort til 1000 studentar.  Søkjarportalen vart opna på kommunen sine nettsider 15. mars, og det er no fyrstemann til mølla-prinsippet som gjeld for alle studentane som kan nytte seg av ordninga. Totalt bur det 40.000 studentar i Bergen.  Ei gåvekortordning for … Read More

Det er ei lovpålagt rett å få eksamenstekstar ved høgare utdanningsinstitusjonar på eige skriftsspråk. Trass i dette, ropar fleire nynorskbrukarar om manglar på eksamensoppgåver på nynorsk.

ORDBØKER: Vert nynorsken undertrykt på studiestadane? FOTO: Truls Skram Lerø


Utdrag frå eksamensoppgåve hausten 2020

Paragraf 2 i Forskrifta om målform fortel at eksamenskandidaten skal få velje eksamenstekst på nynorsk eller bokmål etter ynskje. Difor vert hovudregelen at eksamensoppgåvene skal liggje føre i begge målformer.  Maria Flatjord Gjelsvik (22) kjenner seg fortvila over kvaliteten på nynorsken som Høgskulen på Vestlandet (HVL) brukar ved eksamenstekstane sine. Ho er på sitt fjerde år på grunnskulelærarutdanninga 5.-10. klasse.   … Read More