KRITISKE: UiB-studentane, Arne Ørboe (f.v.), Jennie Pedersen og Therese Eide, er kritiske til Regjeringa sitt forslag om ny stipendordning.

Regjeringa meiner forslaget vil auke motivasjonen til å fullføre utdanningen, medan studentar trur det vil gje mindre engasjerte studentar.


– Eg føler meg litt pressa til å starte på ei bachelorgrad til hausten, fortel Kristoffer Klock, som for tida tek eit årsstudium i Administrasjons- og organisasjonsvitskap ved Universitetet i Bergen (UiB). Frå og med hausten 2019 ønsker Regjeringa nemleg å endre den noverande ordninga som gjer 40 prosent av lånet om til stipend om ein består på eksamen, slik … Read More

BETRE: Fungerande leiar på kriminalførebyggjande avsnitt, Brynhild Lyssand Eide, og førstebetjent, Dara Nazari, fortel at fadderveka blir betre og betre, men vil ha enda mindre fokus på alkohol.

– Det er meldt frå om fleire ordensforstyrringar, som høgt støynivå og offentleg urinering, fortel politileiar Brynhild Lyssand Eide.


Fadderveka er over for fleire av studentane i Bergen. For studentane har veka handla om å bli kjent med ein ny by, nye venner og mykje moro. Og festing og alkohol. For politiet har veka handla om å passe på at studentane oppfører seg. – Samla sett har fadderveka gått veldig fint, seier fungerande leiar på kriminalitetsførebyggjande avsnitt, Brynhild Lyssand … Read More

KJEDELEG. Studenten Malene B. Teigland et kjøtt, men meiner fleire av dei kjøttfrie alternativa kunne vore meir attraktive. FOTO: Josef Kosler.

Saman har tidlegare innført kjøttfrie måndagar, men etter negative tilbakemeldingar har ordninga blitt redusert.


– Eg synast vegetartilbodet på Studentsenteret er bra, særleg om du er pescetarianer, altså om du et fisk, men alternativa i dei mindre Sammen-kantinene er nok dårlegare, seier studenten Michelle Iversen Badiane frå det humanistiske fakultet (HF). Utanfor Det samfunnsvitskapleg fakultet (SV) på Universitet i Bergen sit det ein gjeng med studentar og et lunsj. Studentane Rebecca Hill og Malene B. … Read More

PLAYWELL: Masterstudentane, Sjur Hovi (t.v.) og Constandino Leiva, er takksame for moglegheita dei har fått gjennom STUD-ENT-stipendet og hjelpa frå tilsette ved HVL. FOTO: ADRIAN GRINDBAKKEN

Gründerstudentane frå Høgskulen på Vestlandet vil fjerne stigmaet rundt gaming, og har no motteke 1 million kroner frå Forskingsrådet til å realisere prosjektet sitt.


Fakta: STUD-ENT

– Det er ein mangel på sosiale alternativ for dei som driv med spel på fritida. Dette forsterkar stigmaet rundt gaming, seier masterstudenten, Sjur Hovi. Saman med medstudent Constandino Leiva, frå masterprogrammet Innovasjon og leiing ved HVL, skal dei arbeide for eit betre tilbod av sosiale speleaktivitetar gjennom gründerprosjektet sitt «PlayWell». No har dei fått ein million kroner til å … Read More

KANDIDATANE: Desse studentane stiller til dei to plassane studentane har fått tildelt i Universitetsstyret ved Universitetet i Bergen. Øvst frå venstre: Erlend Søbye Grønvold, Marita Stortjønnli Solvang, Sausan Hussein. Nedst frå venstre: Andreas Trohjell, Martha Rolland Jacobsen, Fridtjof Wesseltoft. FOTOKOLLASJ: BEATE FELDE, TORIL SUNDE APELTHUN, STIAN MAGELSSEN.

Fram til måndag 16. april kan du stemme på dei to studentane du vil skal sitte i Universitetsstyret.


Fakta: Universitetsstyret

Studentvalet er i gang, og i tillegg til å velje representantar til Studentparlamentet, kan du stemme inn to studentar til Universitetsstyret. I år stiller seks representantar frå ulike studium. Fire av dei stiller i par, som vil seie at dei stiller to og to med same valprogram. To stiller åleine, og valet blir avgjort av studentane ved UiB. Det skal … Read More

TORGALLMENNINGEN: Klokka 17:00 var Torgallmenninga full av kvinner og menn som bar fargerike paroler med viktige bodskap. FOTO: Ellisif Nygaard.

I dag markerte hundrevis av studentar og andre kvinnedagen. Her er bileta frå markeringa.


Blant dei fleire hundre menneska som møtte på Torgallmenningen den 8. mars i år møtte Studvest studenter som viste sitt engasjement for kvinner sine rettigheiter. #metoo-kampanjen og hetsen Sumaya Jirde Ali har moteke har vore to årsaker til at fleire har delteke på markeringa. I tillegg til å gå i kvinnetoget, fekk studenten Muna Jibril tilbod om å vere konferansier … Read More

INFORMERT: Skodespelarane i studentteateret Immaturus har fått påminning frå leiinga om å seie i frå om uønska situasjonar. F.v. Hanna Elise Jozefiak, Oda Helliesen Ramsland, Ingvild Bjørnson, Maja Sundt og Stine R. Svellingen. FOTO: Nora Elvestad.

Studentorganisasjonar vil skapa oppmerksomheit rundt seksuell trakassering. UiB og SP-UiB har allereie starta.


Teatersjef i Studentteateret Immaturus, Eirin Lindtner Storesund, meiner det er lett å tenke at seksuell trakassering ikkje skjer i eins eige miljø. – Ein er glad i organisasjonen sin og menneska der. Det er lett å dytte sakane om Harvey Weinstein og Trond Giske vekk, då både Hollywood og Stortinget er så fjernt. Likevel skal ein ikkje vere naiv, seier … Read More