AUKAR. I dag kostar ein enkeltbillett på buss eller bybane 37 kroner. I budsjettforslaget for 2019 aukar prisen med éi krone. ARKIVFOTO: TORIL SUNDE APELTHUN.

Fylkesrådmannen i Hordaland foreslår høgare pris på studentbillett og nær dobbelt så mykje penger på billettkontrollar.



I dag må studentar ut med 485 kroner for eit månadskort. Fylkesrådmannen i Hordaland har no lagt fram budsjettforslaget for 2019. Der blir det foreslått å auke prisen til 500 kroner. Også prisen for enkeltbillettar vil bli dyrare: 38 kroner mot dagens 37 kroner. Fylkesdirektør for samferdsel, Håkon Rasmussen, fortel i ein tekstmelding til Studvest at fylkeskommunen har ein dryg … Read More

FRUKOST. NHH-studentane Christian Arstein (til venstre), Jørgen Backer og Jørgen Høiden deltok ikkje på alle frukostane. Dei synest likevel det var eit bra tiltak og håper NHH fortset med det til neste år.

Men NHH klarte ikkje å følgja opp dei som ikkje deltok.



I år vart det fleire endringar i velkomstveka til Noregs handelshøgskule (NHH) – leiinga ville innføre nye obligatoriske aktivitetar for å tilby eit betre fagleg og sosialt miljø ved første møte med skulen. Eit av desse tiltaka var «NHH-frukosten» som vart omtalt i media. Denne blei lagt opp obligatorisk og skulen opna dørene klokka 10 kvar morgon. Etter frukosten vart … Read More

IKKJE KONTAKT. Ikkje før eit par timar før intervjuet fekk studentane Tori Heitmann Jørgensen (til venstre) og Martine Jordana Baarholm vite at instituttet ikkje hadde fått kontakt med sensor.

UiB fekk ikkje tak i sensoren.



Samanliknande politikk-studentane Martine Jordana Baarholm og Tori Heitmann Jørgensen hadde heimeeksamen 4.–6. juni, og fekk igjen karakteren ein månad seinare. Begge bestemte seg for å be om grunngjeving for karakteren den same dagen som den blei offentleggjort på Studentweb. Den 7. juli fekk dei ein bekreftelsesmail på at førespurnad om karaktergrunngjeving var under behandling. Normalt skal det ta to veker … Read More