Ved universitetsstyrevalet i år stilte tre kvinnelege og tre mannlege kandidatar. Alexander Bouaoud-Dale (22) var ein av dei, men håpa på å tape. Kva får ein kandidat til å stille til val når ynskjet om å vinne ikkje er der?

LETTA: Alexander Bouaoud-Dale (22) er overraskande nok letta over at han ikkje vann valet.


– Eg er politisk engasjert, men akkurat no trivst eg eigentleg best som listefyll på lista til Raudt her i Bergen, fortel Alexander Bouaoud-Dale. Studentvalet ved Universitetet i Bergen (UiB) er nettopp gjennomført, kor ulike lister blei stemt inn i Studentparlamentet og to studentar blei stemt inn i Universitetsstyret. Til vanleg studerer Bouaoud-Dale historie, og går på siste året på … Read More

Peder Lofnes Hauge er leiar i Noregs Mållag, og kan kanskje kallast nynorskforkjemparen over alle nynorskforkjemparar. Han blei grunnskulelærar på Høgskulen i Bergen, men har aldri hatt fast lærarjobb.

HAR PRØVD: Peder Lofnes Hauge syntest ikkje det var spesielt godt med ein joint.


– Du har vakse opp i ein nynorskkommune. Trur du at du hadde konvertert til nynorsk dersom du hadde vakse opp med bokmål? – Det kan godt hende. Det finst jo ein del konvertittar. Eg håper i alle fall at eg hadde forstått verdien av nynorsken sjølv om eg hadde vakse opp i bokmålsland. – Kvifor valde du som nordfjording … Read More

Praksisopphald på eit anna kontinent, ein eigenandel på over 10.000 kroner meir enn venta og forvirrande fakturaar. – Me kjenner oss lurt, seier Martine Gundersen.

SKUFFA: Studentane Andrine Isolde Bakke (24) og Martine Gundersen (21) er ikkje nøgde etter praksisopphaldet i Minnesota.


Martine Gundersen (21) og Andrine Isolde Bakke (24) studerer begge til å bli barnehagelærarar ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). I november 2021 fekk dei beskjeden dei hadde gledd seg til. Dei skulle til Kina i praksis i oktober og november 2022. Kvart år arrangerer HVL utveksling til Kina i faget «Kulturforståelse og komparativ pedagogikk». Praksisopphaldet er på ein månad og … Read More

På same måte som Siv Jensen stal urfolkskultur på haustfesten til Finansdepartementet i 2017, ville eg stele språk, skriv Nikolai Hagevold Krohne.

APROPOS: Nyhetsjournalist Nikolai Hagevold Krohne ønskte å bli ein språkleg kameleon.


Apropos er den frie spalten der Studvest-journalistene kan skrive om akkurat det de vil. Språket er ofte i muntlig form, og med et glimt i øyet. OBS! Spalten har høy forekomst av satire, sarkasme og ironi, og bør tas med en klype (noen ganger en neve) salt. Som for så mange andre, kom ungdomsskulen som eit lite sjokk på meg. Frå … Read More

Eit stort bygg midt i sentrum kan bli 260 nye studentbustader. – Vi ser at bustadmarknaden er pressa, seier sosialbyråd.

BYGNING. Neumanns gate 1 ligg vegg i vegg med Konsertpaleet på Engen. FOTO: Truls Skram Lerø


Byrådet i Bergen har slått fast at dei ynskjer å selje store delar av Neumanns gate 1 til Sammen, for å kunne byggje nye, sentrale studentbustader der. Amalie Lunde, styreleiar i studentsamskipnaden Sammen, er nøgd med avgjerda til byrådet. – Eg synest det er kjempeflott, me har jobba med dette ei stund. Me er glade for at SV fyrst tok … Read More

Kvifor søren kan me ikkje investere i ein gigantisk hall der alle studentane kan ha eksamen, heilt samstundes?

KNIVAR. Det er eksamensperioden eg knivar hardast med, skriv Nikolai Hagevold Khrone.


Studvests aproposkalender luke 8: Apropos er den frie spalten der Studvest-journalistene kan skrive om akkurat det de vil. Språket er ofte i muntlig form, og med et glimt i øyet. OBS! Spalten har høy forekomst av satire, sarkasme og ironi, og bør tas med en klype (noen ganger en neve) salt. Endeleg er tida her, den herlege tida. Snøen ligg (kanskje) snart … Read More

Studentane reagerer på at rommet dei les i ble booka av tilsette i tjukkaste eksamenstida. No vil det ikkje vere mogleg å booke området fram til 15. desember, i fylgje seksjonsleiar.

HIVD UT. Marie Gjøsund Kleppen og Kristine Helgheim måtte gå fra lesesalen midt i eksamenslesinga. FOTO: Aurora Aga Åsheim


– Det var heilt stappfullt inne på rommet, og plutseleg blir me hivd ut fordi ei gruppe tilsette skal ha noko opplegg der, seier Marie Gjøsund Kleppen (21). Hun og venninna Kristine Helgheim (22) tar begge ein bachelorgrad i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen (UiB). Dei pleier å lese på Ulrike Pihls hus, kjent som U.Pihl, og har blitt … Read More

Du har nok venta heile helga, og no er me endeleg her igjen!

UTE NO. Lytt til Studcast der du finn podkastar!


Du kan som alltid lytte til Studcast på iTunes, Spotify eller ved å søkje på «Studcast» i podkast-appen din. Du kan også tune inn på kanalen til Studentradioen kvar måndag kl. 17, for å få heile sendinga – med musikk. Favoritt student-nyheit-bergens-podcasten din er tilbake på lufta. UiB skal ha eksamen på laurdagar – Kor kjipt er vel dette? Gjengen i studioet finn ut om … Read More

Ei ny veke – ein ny Studcast-episode.

UTE NO. Lytt til Studcast der du finn podkastar!


Du kan som alltid lytte til Studcast på iTunes, Spotify eller ved å søkje på «Studcast» i podkast-appen din. Du kan også tune inn på kanalen til Studentradioen kvar måndag kl. 17, for å få helie sendinga – med musikk! I denne utgåva snakkar me blant anna om korleis foreldra påverka kva for studium, utestad og artistar du som bergensstudent vel. I ei ny undersøking … Read More

NY EPSIODE. Det er en ny veke og nye moglegheiter – og ny episode av Studcast.


Nok ein gong har gjengen invadert studioet for å spreie det studentrelaterte bodskapet sitt. Du kan som alltid lytte til Studcast på iTunes, Spotify eller ved å søkje på «Studcast» i podkast-appen din. Du kan også tune inn på kanalen til Studentradioen kvar måndag kl. 17, for å få helie sendinga – med musikk! Unge et meir kjøt enn eldre – er kompaniet … Read More