Under den årlege stafetten for studentane i Bergen er det ein deltakar med vonde hensikter, og det er opp til Mari Mole å løyse gåta.

SKISTAFETT: Det er mange mistenkte når det plutseleg inntreffer eit dødsfall på den tradisjonsrike skistafetten. ILLUSTRASJON: Nilda Miltell


Annonse

Det er uvanleg fint og mildt vêr på Kvamskogen under påskestafetten «Ta Pinnen!» – den årlege stafetten kor studieinstitusjonane i Bergen konkurrerer seg imellom. Sidan stafetten krasjar med ein planlagt demonstrasjon for høgare temperaturar på Bergen Arkitekthøgskule, kunne ikkje dei stille med lag. I rein desperasjon klarte arrangørane å gjere ein feil; dei inviterte Sjøkrigsskulen i staden, representert ved Mari … Read More

Skrivelysta har stått sterkt hjå Ellen Løvhaug Harrison sidan ho var liten. I februar debuterte ho med si første bok.

STUDENT OG FORFATTAR: Medan ho gjekk på skapande skriving på Skrivekunstakademiet i Bergen, starta Ellen Løvhaug Harrison å skrive boka «Søv berre når du søv».


Annonse

Studvest møter Ellen Løvhaug Harrison (29) på kafeen på Universitetsmuseet ein våt marsdag. Harrison er frå Lofoten, men budde i USA dei to første leveåra sine. Far hennar er nemleg frå North Carolina, og her budde ho saman med pappa, mamma og storesystra hennar.  Etter ho vart vaksen har ho budd i både Oslo, Sogn og no i Bergen. Skriveglede I Sogn … Read More

Det er mykje nytt å setje seg inn i som fersk student. Læringskurva er bratt og det er fort gjort å gå på ein smell. Fortvil ikkje! Her er ei knippe gode tips frå studentar som har studert i Bergen i til saman 15 år.

KAKE. Ingrid Haukereid (frå venstre), Lene Gramsdal og Savanna Lylund har med seg kake til eksamenslesing.


Annonse

Studvest har stilt dei eitt enkelt spørsmål: – Kva er ditt beste tips til nye studentar i Bergen? Cornelia Mofjell (22)  Studerer: Markedsføringsledelse ved BI Bergensstudent: I to år.  – Anbefaler å starte tidleg med å gjere tidlegare eksamensoppgåver, i tillegg til å følgje førelesingar.  Kristin Hjermann (22)  Studerer: Organisasjonspsykologi, HR og ledelse ved BI  Bergensstudent: I to år.  – … Read More

Vald i nære relasjonar, eventyr, heksekunst, gjenbruk og eksperimentering med fontena i Lille Lungegårdsvannet. Hit bør alle ta turen for å oppleva samtidskunst i all sin prakt.

MASTERUTSTILLING. Selina Rosenborg formidlar vald i nære relasjonar i hennar installasjon på Masterutstillinga på Bergen Kunsthall.


Annonse
Masterutstilling institutt for samtidskunst – KMD

Bergen Kunsthall er vertskap for masterutstillinga til Kunstakademiet – institutt for samtidskunst ved Fakultet for kunst, musikk og design på Universitet i Bergen (UiB). Utstillinga viser avgangsklassen sine masterprosjekt i overgangen frå kunststudent til kunstnar. Denne overgangen går igjen i temaet for utstillinga, som er Picnic. Picnic markerer overgangen frå vinter til vår. Med våren kjem mildare vêr og vi … Read More

Er du på jakt etter ei bok å lesa i påsken? Fortvil ikkje! Her er fem bøker som du kan lese medan resten av familien er ute på skitur.

ANBEFALER. Studvests journalist anbefaler fem gode bøker for påskeferien!


Annonse

Anten du ser etter ein skikkeleg naglebitar, eller ei historie som spelar seg ut i gatene i Bergen, her er noko for dei fleste. Sveve Over Vatna (1982)Forfattar: Ragnar HovlandForlag: Samlaget Denne boka burde vere obligatorisk lesning for alle bergensstudentar. Hovudpersonen skildrar livet i det han skal til å begynne på universitetet. Språket er poetisk. Handlinga spenner mellom møter med … Read More

Studentar med minoritetsbakgrunn treng å kjenne på tilhøyrsle i større grad, meiner student Jekeziahrem.

VANSKELG MED REKRUTTERING. – Vi fører ikkje oversikt over bakgrunnen til medlemmene, men delen er nok mellom fem og ti prosent med minoritetsbakgrunn, seier leiar for Studentersamfunnet i Bergen, Sjur Selsvik. Foto: Emily Dishington


Annonse

Tal frå SSB viser at kvar tiande student i Noreg hadde minoritetsbakgrunn i 2020, men denne delen lar seg ikkje utan vidare spegle i studentorganisasjonane. – Vi fører ikkje oversikt På spørsmål om korleis ståa er i Studentersamfunnet, slår leiar Sjur Selsvik (23) fast at delen studentar med minoritetsbakgrunn er lav.  – Vi fører ikkje oversikt over bakgrunnen til medlemmene, … Read More

Forfattar og tidlegare UiB-student Lisa Esohel Knudsen slutta på studiet for å jobbe med etniske minoritetar i Noreg. Ho etterlyser meir mangfald i studentorganisasjonar.

UFILTRERT. – Eg sit med eit inntrykk av at i den offentlege debatten kan alle ytre seg ufiltrert rundt tema som rasisme, medan ytringar som omhandlar til dømes vaksinemotstand har fått sensur.


Annonse

– Eg ynskjer å skape ein debatt rundt antirasisme, identitetspolitikk og kanselleringskultur.  Det fortel forfattar og tidlegare bergensstudent Lisa Esohel Knudsen (24). I januar kom ho ut med boka Det er personlig, ei bok om rasisme, ytringsfridom og identitetspolitikk. – Boka er skrive frå mitt perspektiv. Dette håper eg bidreg til å gje lesaren eit anna perspektiv på debatten som … Read More